Hopp til innhold

– Har alle føresetnader for å ta nivået vidare

U21-landslagstrenar Tor Ole Skullerud meiner Gustav Valsvik (20) er i ferd med å bli ei klippe på laget, og ifølgje trenaren er det berre opp til vikjen sjølv kor langt han kan nå.

Gustav Valsvik

FÅR SKRYT: Gustav Valsvik frå Vik får skryt i haugar av U21-landslagstrenar Tor Ole Skullerud etter kampen mot Makedonia i EM-kvaliken.

Foto: Rune Sjøberg

Skullerud har så å seie berre gode ord om jobben Valsvik har gjort, både i tysdagens kamp mot Makedonia som enda 2-1, men også tidlegare i EM-kvalifiseringa og i oppkøyringa. Landslagstrenaren meiner Valsvik er i ferd med å bli ei klippe på U21-landslaget.

– Det synest eg absolutt. No skal han no få lov til å vekse seg inn i dette laget, og vi har akkurat starta ein kvalik som skal gå over to år. Men eg har veldig tru på Gustav, og synest han er ein veldig spennande kar, seier Skullerud.

– Ei viktig brikke

Skullerud

HAR TRUA: U21-landslagstrenar Tor Ole Skulletrud har stor tiltru til Gustav Valsvik.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Ifølgje trenaren har Valsvik alle føresetnader for å ta sitt nivå vidare.

– Eg både trur og håpar at han skal bli ein sentral mann i denne kvaliken vi vonleg skal komme vidare frå.

Og fotballspelaren frå Vik er ein av dei forsvarsspelarane som først vert teken ut på laget kvar gong, seier Skullerud, som meiner Valsvik er ei viktig brikke.

– Han har spelt veldig mange gode kampar i oppkøyringsperioden inn mot kvaliken. I tillegg har han vore god i Tippeligaen for Sogndal og hatt ein solid sesong, og spelt i Tippeligaen over fleire sesongar. Så han har etter kvart opparbeidd seg bra med erfaring og er ei viktig brikke i dette laget her.

Gode føresetnader

Men om det kan bli snakk om A-landslagsspel med tida, det vil ikkje landslagstrenaren meine så mykje om enno.

– Vi er framleis tidleg på eit U21-stadium her. Men føresetnadane til Gustav er veldig gode i forhold til kva han kan. Så det er eigentleg opp til Gustav sjølv kor langt han skal ta dette her, seier Skullerud.

(Saka held fram under biletet)

Gustav Valsvik U21

NØGD: Sjølv føler Valsvik at han har komme inn i laget på ein god måte.

Foto: Rune Sjøberg

På spørsmål om kva som er 20-åringen sine sterkaste sider, har landslagstrenaren fleire ting å peike på.

– Han er ein veldig stor, sterk og god duellspelar både i lufta og langs bakken. Han er vanskeleg å slå i duellspel. Samstundes har han ein venstrefot som han er veldig stødig på når han brukar den og tek gode val.

– Sogndal er eit flaggskip

– Kva tenker du om den jobben Sogndal fotball gjer for å utvikle spelarar som Gustav Valsvik?

– Dei har vore eit flaggskip på det i Sogndal i mange år, med veldig tydeleg og klar profil på klubben og korleis den skal stå fram. Dei har ein veldig klar tanke om korleis dei skal finne lokale, gode spelarar og utvikle dei til eit toppnivå i Sogndal, og ofte er det slik at dei tek steget vidare etter kvart, så Sogndal er ein føregangsklubb og har vore det i mange, mange år, seier trenaren.

Kjenner seg privilegert

Gustav Valsvik U21

VIL TIL UTLANDET: Men førebels har Gustav Valsvik fokus på spelinga for U21 og Sogndal.

Foto: Rune Sjøberg

For vikjen betyr lovorda frå trenaren mykje.

– Det er sjølvsagt kjempekjekt å høyre. Å bli teken ut på U21-landslaget gjer at ein kjenner seg privilegert. Det er mange andre som er gode, og det er kjekt at ein er blant dei 18–20 som vert tekne ut. Om du presterer bra er det alltid kjekt med skryt, og når det er frå trenaren er det alltid kjekt, seier Valsvik.

Han er sjølv nøgd med innsatsen sin så langt og føler at han er i ferd med å vekse seg inn i U21-landslaget.

– Det er lærerikt for meg å vere på U21 og spele litt annleis fotball enn vi gjer heime i kvardagen. Det er ein stor utviklingsarena. Du møter dei beste i Norge, og du får spele mot gode lag frå Europa og lære å spele internasjonal fotball.

Fokus på U21 og Sogndal

Kva mål han har for framtida er han likevel forsiktig med å fokusere på no.

– I fotball kan alt skje. Akkurat no har eg fokus på Sogndal og U21. Eg har sjølvsagt lyst å bli så god som mogleg, og kanskje ein gong komme til utlandet, men det er ikkje det som er fokus no. Det er å komme til EM-kvaliken i 2015 og halde Sogndal i Tippeligaen. Og om eg presterer bra får vi håpe det kjem gode ting ut av det, seier vikjen.