Hopp til innhold

Skulle til Å i Lofoten - hamna i Aa i Sogn og Fjordane

To kinesiske turistar bomma med 1310 kilometer på reisemålet. Paret skulle til Å i Lofoten men hamna i Aa i Sogn og Fjordane.

Tidenes feilkøyring

BOMTUR: Kinesiske turistar hamna i Nordfjord skulle til Nord-Noreg.

Foto: NRK

Onsdag dukka ein litt forvirra kinesisk turist opp på tunet hjå Magni Aa-Berge i Hyen i Gloppen.

– Først tenkte eg ikkje så mykje over det, for skipsverftet i bygda har mange kinesiske arbeidarar. Eg tenkte det kanskje var ein av dei som lurte på noko, seier Aa-Berge.

Den kinesiske mannen kunne ikkje eit ord engelsk, men peika på ei adresse på mobiltelefon.

– Det var ikkje heilt enkelt og det var nok mange mistydingar på begge sider når vi prøvde å kommunisere, seier Aa-Berge.

Tidenes bomtur

På kartet som mannen synte ho, såg Aa-Berge namnet Leknes. Mor hennar, som også var der, lurte på om det kunne vere Leknes i Norangsfjorden på Sunnmøre. Men då mannen zooma ut på telefonen skjøna dei at han skulle endå lenger nord.

Magni Aa Berge

SPRÅKVANSKAR: Magni Aa-Berge frå Hyen prøvde hjelpe det kinesiske paret på rett veg, men ho snakka ikkje kinesisk og paret snakka ikkje engelsk.

Foto: Privat

– Eg har jo angra litt på at eg ikkje har lært meg mandarin, for det kunne jo ha kome godt med elles også her i bygda, ler Aa-Berge.

Ute i bilen sat kona til mannen og venta. Etter mykje peiking og hovudrysting skjøna mannen at han var på feil adresse.

– Men då peika han på nabohuset og lurte på om det var dit han skulle, for han var framleis heilt overtydd om at han var på rett plass, seier Aa-Berge.

Å eller Aa

Aa-Berge tenkte ikkje først over kva som kunne vere årsak til mistydinga.

– Det tenkte eg ikkje eg på før eg skreiv om det på Facebook og det var ein som kommenterte at det kunne vere Å i Lofoten han skulle til. I ettertid så er det opplagt at det var det han skulle, seier Aa-Berge.

Sjølv om det til vanleg er mange kinesarar i Hyen, så har ikkje Aa-Berge opplevd noko liknande tidlegare.

– Vi er vande med å sjå dei i bygda, så eg prøvde å få tak i ein av dei som kunne hjelpt oss å omsette. Men då hadde han skjønt at han var på feil plass og vi sende han vidare til Gloppen hotell.

(Men på hotellet har dei ikkje hatt nokon kinesisk gjest så det er usikkert kvar det kinesiske ekteparet har tatt vegen vidare).