NRK Meny
Normal

Skulle rydde vegen- måtte rømme inn

Han skulle rydde vekk eit stort tre som hadde velta over riksvegen, men måtte rømme inn då traktoren hans nesten vart treft av anna eit tre.

Harald Heimestøl frå Holsen i Førde er framleis skjelven etter det han opplevde i i 21.30-tida 1. juledag. Fleire tre og rotvelter stengde riksveg 13, og han drog ut med traktoren for å rydde opp.

-Medan vi heldt på å skuve vekk eit stort tre, fall eit anna stort tre ned rett ved sidan av traktoren. Det var veldig uhyggeleg og det var om å gjere kome seg i hus snarast råd, fortel Heimestøl.

Som nyttårsorkanen i 1992

Fleire tre og rotvelter ligg no og stengjer vegen.

-Vinden var som enorme trykkbølgjer, på same måte som nyttårsorkanen i 1992. Eg håper at ingen kjem til skade eller blir drept, for dette er farleg, seier Heimestøl.