Hopp til innhold

Politiet vil avlive Nala – no er hunden sporlaust vekke

Først kom politiet på døra for å hente hunden, så skulle den leverast klokka 12 i dag. No er Nala sporlaust vekke og eigaren trur den er stole.

Hunden Nala

VEKKE: Hunden Nala stod i hagen då ho forsvann, fortel eigar Tommy Fredriksen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tommy Fredriksen hadde frist til klokka 12 i dag med å levere frå seg den tre år gamle hunden til politiet. Det blei bestemt etter at tre polititenestemenn fredag kveld kom på døra for å hente hunden Nala.

– Ho blei mest truleg stolen då ho stod i hagen. Ho har aldri stukke av før, seier eigar Fredriksen til NRK.

Han fortel at ho brått så var borte.

– Vi var oppe og skulle leggje ungane. Det tok tid, dei var lei seg fordi dei visste at Nala skulle leverast i føremiddag. Då vi kom ned så var Nala borte.

– Hadde de planar om å levere Nala til politiet?

– Ja, det hadde vi. Vi har heile tida kjempa med ærlege verkemiddel. Vi har gjort alt rett frå byrjinga i denne saka.

Tommy Fredriksen på Sandane

HUNDEEIGAR: Tommy Fredriksen forsikrar at han ikkje veit kven som har tatt med seg Nala.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Ber dei levere tilbake

Han seier at advokaten hans har sendt beskjed til tenestadsleiar for politiet i Gloppen, Nils Ove Roset, om det som har skjedd.

Fredriksen seier han ikkje er innblanda i bortføringa og fryktar dette vil svekke den vidare klagebehandlinga.

– Eg ønskjer å kjempe kampen på ein ordentleg måte, og eg ber dei som har teke hunden om å levere ho tilbake.

Frykta dette kunne skje

Politiet vil at hunden skal tvangsavlivast etter at den drap ein sau i september i år. Det var saueigaren som melde i frå, men politiet som krev hunden avliva.

Hundeeigarane på Sandane seier Nala, som er ein blanding av Alaskan Malamute og labrador, blei angripen av sauen. Vedtaket er klaga på då hundeeigarane meiner det er gjort fleire feil i saka.

Etter at tenestemennene konfererte jourhavande politiadvokat, og hundeeigaren kontakta sin advokat, fekk hundeeigaren beskjed om å levere Nala til politiet måndag.

Nils Ove Roset i politiet seier han nettopp har fått beskjed om at hunden er forsvunnen frå heimen sin.

– No må eg forhøyre meg med mine overordna om kva vi skal gjere. Det er eit faktum at vi var der fredag for å få hunden i forvaring fordi vi frykta at noko slikt kunne skje, seier han.

Storm i sosiale medium

Det har kome mykje kritikk til politiet i sosiale medium i etterkant av kravet om avliving. No har det gått så langt at Roset har sendt over nokre av kommentarane til politijuristen.

– Eg gjer jobben min som best eg kan, så får folk mene kva dei vil, men eg byrjar å lure på kva vaksne folk kan få seg til å skrive. Det gjekk til der punktet at juristen må ta ein vurdering på om dette er straffbart, seier Roset.

Nils Ove Roset i politiet i Gloppen

FRYKTA: Nils Ove Roset i politiet i Gloppen fortel at politiet frykta at hunden kom til å forsvinne.

Foto: Raymond Lidal / NRK