Hopp til innhold

Skulle køyre til Polen utan nok bremser

Ein polsk sjåfør er meld for å ha kopla vekk ein lufttank på trekkvogna slik at det ikkje var bremser på drivakselen.

Vogntogn utan bremser

KOPLA VEKK: Luftslangen er knekt og det er nyta lastesikringsstropper for å halde lufttanken på plass.

Foto: Statens vegvesen

Sjåføren blei stoppa på E16 ved Håbakken i Lærdal, på stamvegen mellom Bergen og Oslo.

– Han valde å køyre utan bremser på drivakselen på veg mot Polen, seier overingeniør Jan Ove Bjørgum i Statens vegvesen.

Det skal ha blitt ein skade på lufttanken då han lossa i Sunnfjord. I staden for å reparere dette, kopla han vekk tanken. Dermed hadde ikkje køyretøyet bremser i det heile teke på drivakselen.

Bjørgum seier at køyretøyet hadde bremser framme og på hengaren. I tillegg var han tom for last. Det er likevel farleg å køyre i den tilstanden bilen var i.

– Er det glatt, kan han vri seg. Bremsene blir for svake og det vil ikkje vere nok bremsekraft ved til dømes naudbremsing. Kjem det noko i vegen, vil han ikkje ha kapasitet til å stoppe i tide. Det er eit problem når ein manglar bremser på halve køyretøyet.

– Kva tenkjer du om han har kopla vekk med vilje?

– Det er ikkje bra og han blir politimeld for dette.

Må vente på hjelp frå Polen

Køyretøyet hadde også så store lekkasjar på semitraileren at det vart gjeve køyreforbod på denne. No må sjåføren vente i Lærdal til det polske firmaet kjem for å hjelpe. For eigaren vil ikkje betale for reparasjon i Norge.

– Eigaren kjem med eim annan semitrailer for å frakte trekkvogna heim til Polen. Det tek nok ein dag eller to før dei er framme, fortel han.

Vegvesenet har hatt kontroll på Håbakken både fredag og laurdag, og det var i dag den polske sjåføren blei stoppa. Det blei også avdekka fleire andre forhold.

Fleire sjåførar melde

To norske sjåførar blei melde for brot på køyre- og kviletida. Den eine hadde kvilt i fem timar i staden for ni i løpet av 24 timar. Ein utanlandsk sjåfør blei meld for ikkje å stoppe for skilta kontroll. Han blei innhenta i Lærdalstunnelen og teken med tilbake for kontroll på Håbakken. På grunn av lang last som var lasta feil på tralla, fekk køyretøyet bruksforbod.

Også andre sjåførar fekk bruksforbod på køyretøya. Det mangla mellom anna dokumentasjon på farleg gods, manglande førartest, overlast og fleire med gjenstandar i frontruta.