Hopp til innhold

Skulle komme til unnsetning- havarerte sjølv

Ein person slengde seg i båten for å redde fire ungdommar i ein båt som hadde fått motorstopp på sjøen. Det heile enda med at ei redningsskøyte måtte hente heile gjengen.

To båtar havarert

HAVARERTE: To båtar fekk motorstopp utanfor Måløy. Det var mykje vind på sjøen, men alle greidde seg fint.

Foto: NRK.NO

– Det var ein vaksenperson i ein fritidsbåt som prøvde å hjelpe, som vi også måtte redde, fortel kommunikasjonssjef, Frode Pedersen i redningsselskapet.

Tre ungdommar hadde dregga opp båten sin då dei fekk motorhavari på sjøen vest for Måløy. Det var til slutt redningsskøyta Simrad Buholmen som fekk alle fire trygt i hamn.

Laster Twitter-innhold

Redningsskøyta Simrad Buholmen

REDNING: Simrad Buholmen vart redninga for dei fire uheldige båtkøyrarane.

Foto: privat

Ingen vart blaute

Personen som skulle hjelpe ungdommane måtte klarte opp på eit skjer og vente på redningsskøyta, sidan han også havarerte og vart drive i land. Ungdommane sat i båten sin til sjøs.

Det er usikkert kor lenge dei venta, men alle hadde heldigvis på seg flytevest og dei var alle turre og ved godt mot då dei endeleg kom seg i land igjen, ifølge Frode Pedersen.

– Vi gjekk i land med fire lukkelege personar i kveldinga, seier Pedersen.

Frode Pedersen, redningsselskapet

GJEKK BRA: Frode Pedersen fortel at det gjekk bra med alle, og er spesielt nøgd med at alle hadde på seg flytevest og gjorde «alt etter boka».

Foto: privat