Hallvard Viken er ein av dei som sel mest suvenirar i landet. Ingenting gjer han meir glad enn å finne hylleplass til norskproduserte varer i butikken sin.
Men norske varer er dyrare, og tøffare priskonkurranse har tvinga han til å fylle opp med billegare varer frå utlandet.
– Det er ei lei utvikling, men som enkeltbedrift kan vi ikkje gjere noko med det. Vi klarer ikkje styre det. Vi prøver å halde så mykje norske varer i butikken som mogleg, men det er krevjande, seier han.
Plast frå Kina
«Lefse innpakka i plast, maskinprodusert kaffi i plastkoppar, suvenirar frå Kina kamuflert som om dei kjem frå Snåsa, Toten eller Stavanger og fabrikkprodusert mat på menyen. Noreg fløymer over av dette. Kvifor finn vi oss i det?», skreiv Lange i blogginnlegget.
No vert det etterlyst ein meir berekraftig suvenirproduksjon av kortreiste og ekte produkt. Men Hallvard Viken gjer det han kan for å fylle hyllene med norske varer.
– Eg skulle gjerne fylt butikken med lokale varer, dersom eg hadde fått tak i dei, seier han.
Manglar norske produsentar
Frå Viken sin ståstad manglar nemleg dei norske produsentane.
– Vi er absolutt oppteken av å ha mest mogleg norske varer i butikken. Viss ein norsk produsent kjem med tilsvarande kvalitet til ein pris vi føler er akseptabel, så er dei velkomne, seier han og tar fram ein isbjørn-bamse.
Men på andre hyller i gåve- og suvenirbutikken Audhild Vikens Vevstove i Jølster, står ein handspikka nøtteknekkar frå Jostedalen, keramikk frå Jølster og måleri frå Voss.
– Det å ha slike produkt i butikken synest eg er veldig kjekt. Og å fortelje historia bak, som denne 90-åringen i Jostedalen som lagar nøtteknekkarane, seier Viken.