Hopp til innhold

Skulle berre spele litt fotball...

Å bryte tre ribbein er utan tvil smertefullt. Så vondt kan det vere at ein ikkje merkar at ei tann har gått med i same smellen.

Roar Erlandsen har gått ned for telling, med tre brotne ribbein

VONDT: Roar Erlandsen legg ikkje skjul på at det gjorde vondt då han braut tre ribbein på Fosshaugane tidlegare i veka.

Foto: Håvard Nesbø

Roar Erlandsen i Sogndal er tydelegvis ein hardhaus og ler når han fortel om skadane sine.

Og nei, han har verken ramla på ski eller i trappa. Han har berre spelt fotball.

– Når godt vaksne menn kjem ut på fotballbana, så blir vi litt ivrige. Og det gjekk litt hardt for seg, flirer han.

– Deisa i bakken

Oppvisningskampen mellom laga til Bratt Moro og SGNskis på Fosshaugane vart som NRK fortalde i går av det brutale slaget.

Ingen sparte på krutet, og medan Tor Yttri enda med avriven akilles, var det ribbeina som fekk kraftig medfart hos lagkamerat Erlandsen.

– Det var litt kjedeleg. Rett før kampen var slutt skulle eg prøve å kome meg forbi ein kar, og då klypte han meg ned ganske hardt.

Den godt vaksne mannen deisa i bakken, og i fallet braut han tre ribbein.

(Artikkelen held fram under biletet)

Merka ikkje alt før etterpå

– Det er ganske vondt, og eg går på ein del smertestillande for å halde smertene unna. Men dei er der nok likevel, seier Erlandsen til NRK.no.

At smertestillande fungerer veit han også av ein annan grunn. For først ei stund etter fallet oppdaga han at det var meir enn ribbein som var skadelidande.

– Det var ei tann det hadde gått ein stor bit ut av og, og eg hadde også eit stort brannsår i panna.

– Men det var slik eg ikkje oppdaga før etterpå. Eg merka mest til ribbeina, flirer han.

– Det går vel over...

Og det er ribbeina som verkar mest no i dagane etterpå. Sidan kampen har han halde seg vekke frå jobben som førskulelærar.

– Eg må halde meg i ro. Det beste er å stå rett opp og ned, det er ikkje godt verken å sitje eller ligge, seier han og legg til.

– Eg er litt sånn øm og sår, men det går vel over.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oppvisningskamp mellom Bratt Moro og SGNskis

AKILLES: Tor Yttri som var kaptein på Bratt Moro-laget måtte ut med avriven akilles.

Foto: Arve Uglum / NRK

Konkurranseinstinktet vakna

Med brotne ribbein, avriven akilles, strekkskadar og tallause krampar kan ein byrje lure på om det var vondt blod mellom dei to laga. Men det forsikrar Erlandsen om at det ikkje var.

Roar Erlandsen

SKADD: Roar Erlandsen er ein aktiv skikøyrar, men då han prøvde seg på fotballbana gjekk det veldig gale.

Foto: Privat

– Vi kjenner kvarandre godt, og det var ikkje noko dårleg stemning eller slik, flirer han.

– Alle gjekk ut med mål om å ha det kjekt, men når kampen er i gang og ein har nummer på ryggen så er det fort å bli litt ivrige.

– Då kjem konkurranseinstinktet fram og det er ikkje så lett å halde seg.

– Mykje latter på tribunen

NRK sin fotballkommentator Arve Uglum seier dei som såg kampen frå tribunen fekk mykje att for oppmøte.

– Måla var ikkje det viktigaste. Den store underhaldninga for oss som såg på var alle skadane, seier han lattermild.

Også Erlandsen har fått mange positive tilbakemeldingar frå dei som følgde dei tøffe duellane.

– Eg har fått mange tilbakemeldingar på at det var veldig underhaldande. Det var jo fotballspelarar av svært ulik kaliber. Nokon har vore proffar i utlandet, medan andre knapt har teke i ein ball. Så det var høg underhaldningsverdi og mykje latter på tribunen, seier han.

Snart klar igjen

Trass tre brotne ribbein og avriven akilles på to av spelarane på Bratt Moro-laget var det dei som til slutt vann 3–2. Mange har allereie sagt at dei vil ha ein ny kamp neste år.

Det er gjerne Erlandsen med på. Aller først må han berre kome seg til hektene igjen etter årets kamp.

– Det var moro, men eg får håpe det ikkje går like hardt for seg.