Hopp til innhold

Skulle berre over ei frådande elv...

FLORØ (NRK): Runar Hove var på fjelltur då han og hunden ramla uti ei elv. I kampen mot dei frådande vassmassane brotna kneskåla.

Runar Hove var på fjelltur då han og hunden ramla uti ei frådande elv. Han vart dregen med av vassmassane og fekk brot i ei kneskål.

NEDTUR: Det var ikkje heilt slik Runar Hove hadde sett for seg korkje fjellturen eller vårsesongen på fotballbana. Foto og redigering: Truls Kleiven

– Det var ganske dramatisk, så eg er glad det gjekk så bra som det gjorde. Dette kunne ha gått mykje verre, seier Runar Hove.

Dramaet han siktar til skjedde i helga, då Florø-spelaren valde å stå over ein kamp for ikkje å ta sjansar med ein skade. I staden ville han ta seg ein fjelltur med to kompisar og bikkja til svigers.

Det hadde han nok ikkje gjort, hadde han visst kva som skulle skje ...

– Vi hadde gått i ti minutt, då vi skulle over ei ganske heftig elv. Der sklei hunden ned frå brua og ramla ut i vatnet. Eg mista balansen og vart med uti elva, fortel Hove.

Mister årets viktigaste og artigaste kamp

Ute i dei frådande vassmassane må Hove ha dunka kneet kraftig borti ein stein. Så vart han ført vidare nedover 40–50 meter. Der klarte hunden å komme seg på land ved eiga hjelp.

– Eg klarte å stoppe til slutt. Men eg klarte å ende opp med brot i kneskåla, seier fotballspelaren.

Takka vere kameratane kom han seg på sjukehus. Der vart han gipsa frå høgt oppe på låret og heilt ned til ankelen. No blir det ikkje mykje fotball i næraste framtid.

– Tidspunktet er ikkje gunstig, berre nokre dagar før vi skal spele mot Førde – den artigaste kampen gjennom året. Det er ikkje moro å bli skada då, seier Hove.

Terje Rognsø (t.v.) og Runar Hove

MANGE SKADER: Florø har hatt sin del av skader denne sesongen. Trenar Terje Rognsø (t.v.) håpar Runar Hove snart er tilbake på bana.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Trudde alt var greitt, men det var det ikkje ...

No skal midtstopparen gå med gips i fire veker. Deretter blir det opptrening. Truleg går vårsesongen fløyten, sjølv om han har håp om å få med seg nokre kampar før sommarpausen.

Det er ikkje gode nyhende for Florø, som har sine skadeproblem frå før.

– Heile greia er ironisk. Vi hadde mange ute i førre veke, men valde likevel ikkje å ta risikoen med å bruke han i helga. Då trudde vi alt var greitt, seier trenar Terje Rognsø.

Elva og brua der Runar Hove var uheldig

FALL UTI: Brua viste seg å ikkje vere heilt god å gå over. Saman med hunden ramla Runar Hove uti.

Foto: Privat

Meiner eleven har potensial til å nå langt

Til bortekampen mot Kongsvinger måtte trenaren klare seg utan 14 spelarar, som alle har røynsle frå spel i andredivisjon. Fem-seks av desse ville normalt vere førsteval.

No ser situasjonen lysare ut. Men Stefan Aase og Runar Hove er definitivt på skadelista, og Peter Aase er i usikker-kategorien.

– Eg synest synd på dei, særleg Runar, som hadde ein litt tung haust i fjor. No var han på hogget og tilbake for fullt. Då er det ekstremt surt når slikt skjer, seier Rognsø.

Han legg til:

– Han har ekstreme ferdigheiter både defensivt og offensivt, og har potensial til å nå høgare enn dette nivået. Eg håpar han kan halde seg oppe i treningsperioden.

Øystein Myrkaskog og Runar Hove

VIKTIG: Runar Hove (t.h.) er ein nøkkelspelar på Florø. Her er han i duell med Førde-spelaren Øystein Myrkaskog i eit tidlegare oppgjer mellom dei to erkerivalane i Sunnfjord.