Hopp til innhold

Skulle berre grave ei grøft - fann spor frå middelalderen

Då Christoffer Knagenhjelm skulle drenere rundt huset dukka det plutseleg opp mange spor frå middelalderen. Trass i dei spanande funna som kan fortelje mykje om fortida, ventar han framleis på det verkeleg store funnet.

Spor frå middelalderen på Kaupanger

HANDELSSTAD: Funna som er gjort no kan vere spor etter middelalderbyen og handelsstaden som var på Kaupanger, trur Christoffer Knagenhjelm.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi hadde problem med vassig og skulle drenere rundt ein gamal steinkjellar på hovudgarden. Då vi starta gravinga, så dukka det opp mange ting, fortel Knagenhjelm.

Eit spinnehjul, i tillegg til det som truleg er ein gamal bygard med murar, stolpar og kokegrop er noko av det som til no har dukka fram frå bakken.

– Akkurat her vi står no, så var det ei kvinne som stod her for 800 år sidan og gjorde noko med garnet. Det er spanande, og spinnehjulet fortel også noko om at kvinnene hadde eit liv her på Kaupanger, fortel Knagenhjelm.

Spinnehjul frå middelalderen

KVINNER: Spinnehjulet frå middelalderen fortel noko om at kvinneaktiviteten på området.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Hovudgarden er freda, og steinkjellaren er truleg det eldste bygget på eigedomen, sett opp ein gong på 15–1700 talet. Det har tidlegare fungert som fengsel, og verdigjenstandane på garden vart også lagra her.

Kan vere spor av handelsstaden

På hovudgarden på Kaupanger har ein også tidlegare funne spor frå middelalderen. Ei jernsmie låg truleg rett ved sidan av staden der ein no har gjort nye funn.

– Der vart det truleg laga store mengder reiskapar, utstyr til skip og truleg våpen. På 50-talet fann ein ei øks her, fortel Knagenhjelm.

Kaupanger var truleg ein godt brukt handelsstad i middelalderen, og det mest spanande ved funna som er gjort no, er det som kan vere spor av nettopp den.

– Det er funne spor etter bygg, og det ligg midt i der vi trur handelsstaden låg på Kaupanger. Vi ser spor etter tre bygning, og det er ikkje heilt klart kva det er enno, vi må opne meir for å få svar på det, fortel arkeolog i fylkeskommunen, Glen Heine Orkelbog.

Han har inspisert området og gler seg over funna som er gjort til no. No søkjer han også Riksantikvaren om løyve til å gjere større utgravingar i området. Eit slikt løyve håpar dei kjem på plass snarast råd.

Glenn Heine Orkelbog

SPANANDE: Funna er av stor interesse, seier arkeolog i fylkeskommunen, Glen Heine Orkelbog. No håpar dei på utvida graveløyve, slik at dei kan få betre oversikt over funna.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi ynskjer eit meir heilskapleg bilete av det vi har funne, og er vi heldige så kan vi då sjå heile bygningar, og ikkje berre brotstykke, seier arkeologen.

Ein av fire kystbyar i middelalderen

Det er gjort andre undersøkingar av handelsstaden, men det har vore spreidde granskingar, så ein har ikkje god oversikt over staden.

– Vi veit at handelsstaden har vore der, men vi veit ikkje utbreiing og plassering. Kaupanger hadde også bystatus, og i samtida var det berre Vågan i Lofoten, Trondheim, Kaupanger og Bergen på kysten som hadde slik status, så det er ganske spesielt, seier Orkelbog ivrig.

Arkeologen meiner at funna tyder på at det har vakse fram ein sesongbasert handelsstad i løpet av vikingtida, som har blitt meir stadbunden gjennom middelalderen.

Håpar på myntfunn

Gjenstandane som no er funne blir registrerte og konserverte om dei treng det, ved Universitetet i Bergen. Der blir funnstad og andre detaljar skrive ned, slik at tinga kan nyttast vidare i fagleg samanheng.

På Kaupanger hovudgard håpar ein det vil dukke opp også andre spanande gjenstandar i jorda.

– Eg har ein draum om å finne myntar. Det er ikkje så godt kjent, men inne i Stavkyrkja her er det funne 1100 myntar, men ingen er funne utanfor. Det hadde vore rock 'n' roll å finne mellomaldermyntar her ute, seier Knagenhjelm med forventing og iver i stemma.

Og arkeologen meiner at det kan la seg gjere.

– Det er vanskeleg å vite, men det har vore ein handelsstad, så det er ikkje utenkeleg. Det hadde vore veldig spanande om vi fann det, seier Orkelbog.