Hopp til innhold

Skulestarten kravde seks førarkort

To veker med Aksjon skulestart er over. Politiet fann ting å sette fingeren på ved kvar tiande bilist.

Trafikkontroll

ILLUSTRASJON: Politiet har siste to vekene gjennomført ei lang rekkje kontrollar i fylket. Det vanka reaksjon mot nær kvar tiande bilist.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet har sjekka over 1.200 bilførarar på skulevegen siste vekene. I alt vart det reaksjonar mot 109 av bilistane.

Flest reaksjonar vart det i Sunnfjord.

– Vi ser i alle fall at det er utstrekt bruk av mobiltelefon, ein del fartsoverskridingar rundt skulane og ein del tilfelle av manglande sikring av born, seier trafikkoordinator Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Ikkje trygt, men ikkje farleg

Aksjonen vart varsla på førehand og 18. august starta politiet dei første av ei lang rekkje kontrollar på vegar i tilknyting til skulane i fylket.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Aksjon skuleveg

Regelbrot

Nordfjord

Sunnfjord

Sogn

Kontrollerte

341

500

406

Anmeldelsar, andre forhold

 0

 2

 3

Mobilbruk

 3

 23

 0

Sikring

 6

 3

 0

Fart (forenkla førelegg)

9

22

9

Fart (anmeldt)

3

0

0

Beltegebyr

8

5

4

Andre gebyr

0

2

2

Førarkortbeslag

3

1

2

Gjennom kontrollen fokuserte politiet på dei mjuke trafikantane, fart, rus, mobilbruk og sikring av personar i køyretøya. Hatlenes seier at dei ut året vil halde fleire kontrollar på vegane i tilknyting til skulane.

Trafikkoordinator, Trond Hatlenes, hos Sogn og Fjordane politidistrikt

KOORDINATOR: Trond Hatlenes har spesialansvar for trafikk hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Politiet

– Det er på ingen måte ein trygg skuleveg, men eg vil heller ikkje kalle det ein farleg skuleveg, seier Hatlenes.

Glad for politikontrollar

Audun Heggestad i Trygg Trafikk er glad for at politiet prioriterer slike kontrollar, men er skuffa over resultatet.

– Det er dumt at folk køyrer for fort langs skulevegane. Og ikkje minst at ein sit og brukar mobiltelefon, når ein heller bør vere årvakne for born som går langs vegen til og frå skulen.

Heggestad meiner det er ekstra graverande at dette skjer langs skulevegen, der mange born ferdast. Mange for første gong åleine.

Audun Heggestad

GLAD FOR KONTROLLAR: Fylkessekretær i Trygg Trafikk, Audun Heggestad.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Ein håpar jo at ungane skal gå trygt når ein sender dei til skulen. Bilistane bør ha i mente at det no er mange førsteklassingar langs vegen som ikkje har så mykje erfaring i trafikken, og som lett kan la seg distrahere.

Ikkje overraska

– For å kunne kalle det ein trygg skuleveg, skulle vi gjerne vore ned mot null på absolutt alt. Der er vi tydelegvis ikkje, legg Hatlenes til.

– Er du overraska over tala?

– Nei, eigentleg ikkje. Etter å ha jobba med trafikk ein del år, så er eg ikkje overraska over at mobilbruk, fart og manglande sikring av barn er eit problem.

Dårleg tid og kort veg

Hatlenes har sjølv gjennomført nokre av kontrollane. Medan mange legg seg langflate for mobilbruken, unnskylder dei ofte fart og manglande beltebruk med dårleg tid eller kort strekke.

– Men verken dårleg tid eller tal meter har noko å seie for om ein vel å sikre borna eller ikkje. Sjølv om du køyrer prikkfritt, så er det ingen garanti for at den du møter køyrer prikkfritt. Då har det heller ingenting å seie kva distanse du køyrer, seier han.