Hopp til innhold

Skuleskyss gir meir helseplage

Born som kvar dag sit på skulebuss i ein time eller meir har oftare helseplager enn andre skuleborn.

Skuleskyss frå Solheim tiil Hyen

HELSEFARLEG: Rundt 50.000 born i landet sit meir enn ein time dagleg på skulebussen.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Det seier fysioterapaut Astrid Nordeng Sjølie som har tatt doktorgrad på helseplagene ved skuleskyss.

630 offentlege skular i Norge er lagde ned sidan 2002. For mange betyr det lange bussturar. Konklusjonen er den same i forskingsrapportar frå heile verda: Helsa til borna taper på at dei ikkje kan gå eller sykle til skulen.

– Eg synest det er heilt forferdeleg. Det er heilt komisk, for dei snakkar mykje om folkehelse, om kor viktig det er å legge tilhøva til rette med fine idrettshallar og så vidare.Og så tek dei frå borna dei sjansane dei har til ein grei skuleveg, seier Astrid Noreng Sjølie.

– Slitne i hovudet

Uroa til foreldra er ikkje grunnlaus, seier ho. Ho har dei siste 15 åra jobba mykje med fysiske plager som følgje av skulebuss-pendling, og ho åtvarer mot følgjene.

– Dei blir påtvinga mykje sitting, og mange undersøkingar har vist at det er uheldig for ryggen. I tillegg fann eg ut at dei blir veldig stiv i beina. Dei blir også slitne i hovudet, og mange undersøkingar viser at dei blir kvalme og uvel.

I tillegg til fysiske plager viser ei undersøking Nordlandsforsking har gjort at lang skuleveg også påverkar trivselen til elevane. Astrid Nordeng Sjølie er sikker på at det går ut over læringsevna til borna.

Elevar går på skulebussen.

OPP TIDLEG FOR Å TA BUSSEN: Mange born får ein lang skuledag medrekna buss til og frå skulen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

50.000 med meir enn ein time dagleg

Ifylgje tal frå Landslaget for nærskulen sit 50.000 skuleborn kvar dag på buss i over ein time.

Renate England på Nessane i Balestrand er mor til ein seksåring. I førre veke opplevde ho at kommunestyet la ned to skular.

– Eg blir rett og slett dårleg og kvalm når eg tenker på at han skal sitte så lenge på buss.

Balestrand-ordførar Harald Offerdal ønskjer ikkje å kommentere denne saka.

Skulebuss

DAGLEG: Med denne bussen kjem born seg til Hyen skule.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK