Hopp til innhold

Skulen i Sogndal er no komplett

Siste byggetrinnet av Sogndal vidaregåande skule er ferdig og vart opna i dag. Elevane Eirik og Ørjan fekk møte fylkesordføraren.

Jenny Følling opnar siste del av Sogndal vidaregåande

MØTE: Nytt bygg, ny tid. Elevane Eirik Andreas Albretsen og Ørjan Dalaker Løypestrand fekk møte fylkesordføraren under opninga.

Foto: INGVILD RAMSTAD/SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Godt over ein halv milliard kroner har den nye vidaregåande skulen i Sogndal kosta.

Første byggetrinn opna 2011. Andre byggetrinn opna i dag. Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) fokuserte mellom anna på miljø og det sosiale, og om å ta vare på kvarandre, då ho stod for den offisielle opninga.

– Vi satsar på skulen. Vi har blant dei beste skuleresultata i landet og er best på gjennomføring. Visjonen vår her i Sogndal har vore å samle alle elevane på studiespesialiserande og yrkesfag på Campus Fosshaugane.

– Her kan alle ungdommane ta del i eit yrande, innovativt og kreativt samarbeid, eit konsept som har vekt merksemd langt utanfor fylkesgrensa, sa Følling under opningstalen.

Jenny Følling opnar siste del av Sogndal vidaregåande

OPNA: No er den vidaregåande skulen i Sogndal samla i eitt, stort bygg der fellesskap blir ein nøkkel. Den offisielle opninga av byggetrinn 2 stod fylkesordførar Jenny Følling for måndag.

Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Førsteklasses

Prosessen med å få skulen på plass har vore eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sogndal Fotball.

Følling meinte elevane i Sogn med bygget på 3800 kvadratmeter får eit førsteklasses tilbod innanfor friluftsliv, trening, hallaktivitetar og på fotballbana.

– Fylkeskommunen har teke eit stort løft for å gje dei beste rammer for den vidaregåande utdanninga. Endeleg har vi fått til ei skikkeleg bru mellom ungdommane som har vald ulike retningar innanfor dei teoretiske og praktiske faga, sa fylkesordføraren.

Ho meiner ein slik møteplass er viktig fordi elevane kan møtast på tvers av klassar, studieretning, teori og fag.

Sogndal vidaregåande skule
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birte Johanne Finstad

Samla i eitt bygg

– Tidlegare har det vore langt større avstand mellom elevar som har vald ein yrkesfagleg retning og dei som går på allmennfagleg studie. Elevane gjekk på forskjellige skular i ulike bygg, og då fanst det ingen naturleg møteplass, sa Følling.

– Ein god arena for læring krev at vi klarer å skape eit godt sosialt skulemiljø, og trygge elevar. Ta godt vare på kvarandre, og hugs at eit smil kan bryte barrieren, og dessutan er det heilt gratis, sa fylkesordføraren.