Hopp til innhold

Skulemobbing blei ein tankevekkjar for Høyanger

Høyanger fekk bot for å ikkje ha gripe inn mot alvorleg mobbing. Det blei eit vegskilje for kommunen i Sogn.

Høyanger skule (bygning frå 1932).

ALVORLEG MOBBING: Fleire grove mobbesaker ved Høyanger skule blei eit vendepunkt anti-mobbearbeidet i kommune.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det blei ein veldig tankevekkjar, seier oppvekstsjef Stig Engen i Høyanger tre år etter at kommunen fekk 100.000 kroner i bot, fordi skuleleiinga ved Høyanger skule ikkje gjorde nok for å hindra grov mobbing:

– Me måtte sjå på oss sjølve med heilt nye augo: Korleis kan me bli betre?

I førre veke fortalde NRK om skuleleiinga ved Nordfjordeid skule som visste om mobbing, men som ikkje gjorde det dei kunne for å stoppa ugjerningane.

Har gjort mykje

eli sætre

SKULEN GJORDE IKKJE NOK: Eli Sætre er éin av fleire foreldre som har born ved Nordfjordeid skule, som kjenner seg svikta av skuleleiinga.

Foto: Anders Mildestveit

For tre år var den nasjonale merksemda retta mot grov mobbing i Høyanger. Ved barne- og ungdomsskulen i kommunesenteret blei til dømes ein gut halden under vatn i symjehallen til han mista pusten. Høyanger var den fyrste kommunen i landet som fekk ei bot for ikkje å gjort nok for å hindra mobbinga.

Det blei skilsetjande for kommunen: Høyanger vedtok ein heilt ny måte å handtera mobbesaker på. Nokre døme på den nye prosedyren:

  • Kontaktlærar skal varsla skuleleiinga med ein gong han eller ho får nyss om mobbing, slik at sakene ikkje stoppar opp i klasserommet.
  • Dialogen mellom skulen og heimane blei betra.
  • Og kommunen hyra inn Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning for å trena opp lærarane sine til både å leggja merke til mobbing og til å bli flinkare til å gripa inn.
  • Kommunen har laga system for å repetera, for halda bevisstheita rundt arbeidet mot mobbing ved like.

Beredskapsgruppe for mobbing

Stig Engen

SETT I VERK MANGE TILTAK: Oppvekstsjef Stig Engen i Høyanger kommune.

Foto: Privat

Kommunen sette òg ned ei eiga beredskapsgruppe for mobbing, etter modell frå Østfold. Det er eit overordna kommunalt organ som skal prøva å løysa saker som har floka seg til i skulen.

– Me har hatt éi sak i denne beredskapsgruppa, og den komplekse saka fekk me løyst etter å ha arbeidd med ho i fleire månader, seier oppvekstsjef Engen.

NRK har snakka med leiaren i Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) i Høyanger, Ove Hellem. Han ønskjer ikkje å bli intervjua, men stadfestar at Høyanger kommune har gjort ei rekkje tiltak for hindra mobbing.

Må ikkje vera naive

Oppvekstsjef Engen seier Høyanger skule fattar fleire såkalla einskildvedtak no enn før 2014. Eit einskildvedtak er ein handfast plan med tiltak for å stoppa mobbinga.

Fylkesmannen granska i fjor haust det psykososiale miljøet ved Høyanger skule. Konklusjonane frå tilsynet viser at mykje er gjort sjølv om det framleis er nokre manglar mellom anna i det overordna planverket. Fylkesmannen ønskjer ikkje kommentera tilsynet før saka er endeleg slutthandsama i mai.

I Eid blei altså elevane og foreldra altså svikta av skuleleiinga. Det skjedde òg i Høyanger. Men no er skulemiljøet betre, meiner oppvekstsjef Engen:

– Elevane på skulane i Høyanger kommune har eit godt psykososialt miljø, men me må ikkje vera så naive og tru at det ikkje føregår ugreie ting. Dette må takast tak i heile tida. Å få bukt med mobbing er eit kontinuerleg arbeid.