Hopp til innhold

Skulelei ungdom vel skule i ferien

MO (NRK): Sjølv om dei jublar over sommarferien, sprett dei opp kvar dag når vekkjarklokka ringer for å rekke skulen.

Sommarcamp på mo og Øyrane vidaregåande skule

LEI, MEN KLAR FOR MEIR: Sjølv om dei ikkje orkar tanken på å setje seg på skulebenken, vel denne gjengen å bruke deler av ferien sin på skule. Frå venstre: Bjørnar Øksendal Henriksen, Børge Svidal, William Falk Ekren, Natalie Nesje og Mariell Vik Fureli.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Det er fint å få bruke hendene og få vere med dyra, og eg lærer mykje meir av dette enn når eg sit i eit klasserom, seier femten år gamle Mariell Vik Fureli frå Høyanger.

Med felleskjøpet sin bunad, kjeledressen, møter ho opp saman med fire andre, presis klokka kvart over åtte, for å jobbe i sommarferien .

– Det er betre å vere her enn å sitje heime og spele data, seier ho.

Campen skal rekruttere elevar

Sommarcamp på mo og Øyrane vidaregåande skule

JOBBAR: Kilo på kilo med kål skal plantast ut i løpet av sommarcampen, og det er inga kjære mor på skulen. Kvart over åtte starar arbeidsdagen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Og dei andre nikkar. Ikkje alle er like begeistra for tanken på tre nye år med skulegang etter ungdomsskulen, og meiner det er viktig å få ta del i ein aktiv skulekvardag.

Sommarcampen skal gje dei lyst til å søkje seg til skulen når dei er klare for vidaregåande utdanning. Den fungerer som ein rekrutteringsstad.

– Eg vurderer denne skulen. Eg er så lei av å lese og pugge og eg meiner sjølv eg klarar meg mykje betre når eg får vere i aktivitet og drive med det eg er interessert i, seier Bjørnar Øksendal Henriksen frå Vassenden.

Han gler seg til å få lære meir om maskinene som høyrer til på skulen. Og det er ikkje reint få av dei. Traktor på traktor står parkerte med den eine hengaren etter den andre med avanserte tekniske jordbruksreiskap.

Meiner elevane får ny giv

Sommarcamp på mo og Øyrane vidaregåande skule

INSPIRERTE: – Det er moro å lære noko nytt, og vi kjem kanskje til å søke oss hit, seier frå venstre Kristoffer August Vereide, Karoline Thingnes og Kristoffer Fure.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Det er jo dette som er kjekt, seier Børge Svidal frå Vassenden. Han gliser, og fortel at sommarcamp gjev han ein super start på ferien.

– Ein vert kjent med mange nye folk og får vere med på mykje kjekt. I tillegg til at vi lærer ting vi faktisk har bruk for, seier han.

Knut Vebjørnsen, oppdragsleiar på Mo og øyrane vidaregåande skule, seier dei ser det kvart einaste år. Elevar som er leie av å vere elevar, men som blomstrar når dei får bruke hendene og føle seg nyttige.

– Det er mange den tradisjonelle skulen ikkje passar optimalt for. Her er det halvparten teori og praksis, og elevane får umiddelbart teste ut teorien i fjøsen, på garden her, eller i skogen.