NRK Meny

Skuleklasse sit fast på Svalbard

Ein skuleklasse frå Nordfjord Folkehøgskule sit fast på Svalbard på grunn av streiken i SAS Braathens.

Svalbard Lufthavn
Foto: Tore Sannum / Scanpix

Artikkelen er flere år gammel.

17 elevar og to lærarar er med på turen. Etter planen skulle dei returnert til fastlandet i dag.

- I går fekk vi vite at flyet vårt var kansellert. Fredag ettermiddag håpa vi likevel å få plass på eit anna fly som skulle komme, men det gjekk ikkje. No må vi vente til sundag, seier rektor Halgeir Hansen.

Frustrerande

Klassen har vore på ein fleire dagar lang skitur på øya. Rektoren seier mange av dei som er med på turen er oppgitte.

- Frustrasjonen er ganske stor. Her er det jo heilt umuleg å komme seg noko veg. Mange elevar har andre planar, som det ikkje blir noko av. Likevel lyt vi sjå det positive i situasjonen. Vi får prøve å kose oss, seier rektoren.

 

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar