Hopp til innhold

15 elevar sit skorfaste 1700 m.o.h. på Lodalskåpa

Ein klasse på 15 elevar frå ein folkehøgskule og læraren deira har gått seg fast på Lodalskåpa og treng hjelp for å komme seg ned. Følgjet sit fast om lag 1700 m.o.h.

Redningsaksjon Loen

MANNSTERKE: Både Sivilforsvaret, to alpine redningsgrupper, mannskap frå Røde Kors og politiet er på plass for å hjelpe skuleklassen ned frå Lodalskåpa.

Foto: Roger Vik / NRK

– Vi har fått melding om at ein skuleklasse på 15 elevar frå ein folkehøgskule og ein lærar sit fast på veg ned frå Lodalskåpa, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Drange.

SISTE: Klokka 22.30 er det meldt at veret på staden har vorte betre, og eit helikopter er på veg inn i området.

Skuleklassen sit fast i Breheimen vest for Lodalskåpa, like nord for Ståleskaret.

Politiet fekk melding så tidleg som 17.37 om at følgjet hadde problem med å komme seg ned frå den 2083 meter høge Lodalskåpa, som ligg på grensa mellom Stryn og Luster kommunar og er det høgste punktet i Stryn.

Var på veg ned då dei fekk problem

– Følgjet er på veg ned, men har meldt i frå om at dei treng hjelp for å finne vegen heilt ned, seier Drange.

Mannskap frå Sivilforsvaret, Røde Kors, alpin redningsgruppe og politi er kalla ut, i tillegg til at luftambulansen bidreg.

– Det er tett tåke og dårleg sikt i området, og difor er det ikkje råd å komme seg inn med helikopter, seier Drange.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lodalskåpa

Har telefonisk kontakt

Det er såpass med dekning i området at politiet og læraren i turfølgjet har jamnleg kontakt.

– Vi veit at dei sit fast på om lag 1700 meters høgde og har GPS-posisjonen. Dei er godt kledde for tur, men har ikkje med seg utstyr med tanke på overnatting, seier Drange.

Det er to alpine redningsgrupper med på redningsaksjonen.

– Den eine gruppa er flogen inn til Kåpevatnet og tek seg fram til fots til det området klassen står fast i, seier Drange.

Vart lurte av vêret

Turfølgjet melde alt i 17.30-tida ifrå om at dei trengde hjelp for å komme seg ned.

– Det er som sagt tåke i området, men ein har trudd at dette skulle lette litt utover kvelden. Det var i utgangspunktet tåka som gjorde at dei ikkje tok sjansen på å gå ned for eiga hjelp. Men der har rett og slett veret lurt oss, og tåka er framleis tett, seier Drange.

Ifølgje yr.no er det ei varmegrad, overskya, svak vind med tre meter i sekundet frå nord-nordvest på Lodalskåpa i timen før midnatt.

Kan ikkje nytte 330-skvadronen

I tillegg er redninghelikopteret til 330-skvadronen, som er stasjonert i Florø, oppteken på anna oppdrag.

– Vi har også forsøkt å få tak i andre selskap som kan drive nattflyging, utan at vi har lukkast med det, seier Drange.

Luftambulansen har også gjort forsøk på å flyge iinn, men vêret sette ein stoppar for dette. Drange presiserer at det ikkje er nokon i turfølgjet som er skadde på noko vis.

– Nei, det er berre snakk om at dei treng hjelp for å komme seg ned, seier Drange.

Lodalskåpa er det høgste fjellet på Jostedalsbreen og turen er rekna til om lag 12 timar tur-retur.

NRK oppdaterer saka