Hopp til innhold

Skulekjøkkenet fullt av muselort

Mattilsynet har stengt skulekjøkkenet på Vågsøy ungdomsskule etter funn av muselort.

Vågsøy ungdomsskule
Foto: Bjarne Eldevik

Kjøkkenet vart stengt under ein uanmeldt kontroll torsdag for halvanna veke sidan, skriv Fjordenes Tidende.

- Vi fann spor etter mus. Muselort i skuffer og skåp, og ei musefelle. Dette er ei såpass alvorleg sak i forhold til skadedyr og smittefare at vi valde å stengje, seier inspektør Rune Otterdal i Mattilsynet.

- Rottene kan kome

Tilsynet oppdaga det same under ein kontroll i 2003. Den gongen vart kjøkkenet stengt i ei veke, inntil det vart utbetra. For tre år sidan var fluger og insekt også eit problem.

Otterdal fann ikkje rotter på skulen, men han utelukkar ikkje at det kan verte eit problem sidan det er observert rotter opp til Gate 7.

Selde pizza frå kjøkkenet

Tilsynet ser spesielt alvorleg på at kjøkkenet under dei nemnde forholda er vorte brukt til å lage pizza som vert selt vidare til elevane.

- Å lage pizza for sal under slike tilhøve held ikkje mål i nokon samanheng, seier Otterdal, som også ser skeptisk til å drive undervisning når kjøkkenet ikkje er reinare.

Skadedyrkontrollen

No får ikkje Vågsøy ungdomsskule opna kjøkkenet før museplaga er borte ein gong for alle.

- Vi har fått melding om at skadedyrkontrollen har vore der. Ved problem med skade dyr på stader der ein produserer eller omset mat, krev vi eit systematisk opplegg for skadedyrkontroll, og det finst profesjonelle firma som utfører dette, seier Otterdal til Fjordenes Tidende.

Vedgår dårleg reinhald

Rektor Kåre Bakke vedgår at dei kunne ha gjort meir for å halde kjøkkenet fritt for mus og lort.

- Vi har kanskje ikkje sett på det som eit så stort problem som det tydelegvis har vore, seier Bakke til NRK Sogn og Fjordane.