NRK Meny
Normal

Skulekampen held fram - midt i flaumkrisa

Samstundes som Aurland har vore gjennom ei av kommunen sine tøffaste veker i nyare tid, held kampen for å berge nedleggingstruga Sogn Jord- og Hagebruksskule fram. I helga deltok 140 besøkande på open dag der inntektene skal gå kampanjen «Redd økoskulen!».

Elevar selde bøker til inntekt for skulen

BIDROG: Elevar frå flaumråka Flåm skule sette sitt preg på arrangementet til støtte for nedleggingstruga Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Foto: Monica Gjesdal Larsen

– Vi vurderte fortløpande utover veka om vi skulle avlyse eller ikkje. Mange av elevane her følte på at det kanskje blei feil å arrangere ein slik open dag midt oppi det som har skjedd, fortel Spira Svendsen, som er både elev og koordinator for kampanjen Redd økoskulen.

Då det vart klart at Aurland kommune ønskte å gjennomføre Nynorske litteraturdagar i helga, valte også Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) å gjennomføre sitt arrangement, mellom anna av omsyn til elevane frå flaumråka Flåm skule.

Elevar frå Flåm selde bøker

Open dag i Aurland

ELEVANE ARRANGERTE: Det var elevane sjølve gjennom aksjonen 'Redd Økoskulen!' som laurdag inviterte bygdefolk og tilreisande til jordbruksskulen i Aurland.

Foto: Ragna Kronstad

– Etter ei samla vurdering kom vi fram til at det beste vi kunne gjere var å gjennomføre dagen og skape ein hyggjeleg samlingsstad for lokalsamfunnet. Det skulle vere eit kokebok-arrangement med borna frå Flåm skule. Det arrangementet vart lagt hit til jord- og hagebruksskulen, og vart slik sett ei fin oppleving etter at skulen deira har blitt stengt på ubestemt tid, seier Svendsen.

Ho rosar borna frå Flåm for å ha gjort ein kjempeinnsats under open dag. Mellom anna serverte dei smakebitar frå friluftskokeboka si «Mange kokkar små …Kokar i det blå» i uteklasserommet.

– Dei fekk selt ein del bøker, men måtte ta imot bestillingar, for bøkene ligg innesperra på skulen i Flåm.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sogn jord- og hagebruksskule

SAMLINGSPUNKT I KRISETIDER: 140 menneske tok turen til Open dag ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Foto: Monica Gjesdal Larsen

Nedleggingstruga

Sogn Jord- og Hagebruksskule er med sin heiløkologiske profil den einaste skulen i sitt slag, og er ei vidaregåande landslinje. Skulen sin bygningsmasse treng omfattande restaurering, men i forslaget til statsbudsjett var det ikkje sett av ei krone til utdanningstilbodet i Aurland.

Tidlegare i haust vart det stifta ei eiga venneforeining for skulen. Skuleeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune har lova å bidra med 60 prosent av kapitalen til utbygging. Aurland kommune har sagt seg villig til å gå inn med fem millionar kroner. Målet til venneforeininga er å få samla inn dei 12 millionane som no manglar til fyrste byggetrinn.

Fylkeskommunen har også sendt ut tiggarbrev for å berge tilbodet.

Gav halvparten av inntektene til Røde Kors

Bård Vegar Solhjell i Aurland

VEN AV SKULEN: SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell fekk avrunde Open dag-arrangementet ved å annonsere vinnaren av namnekonkurransen til fjordfekalven ved skulen, som fekk namnet «Flora».

Foto: Monica Gjesdal Larsen

Mange av elevane ved skulen er engasjerte i venneforeiningas kronerullingskampanje, «Redd økoskulen!». Etter planen skulle alle inntekter frå laurdagens Open dag gå til dette. Men flaumen som tysdag denne veka råka Flåm, endra på dette.

– Vi bestemte oss for å gi halvparten av auksjonsinntektene våre til Aurland Røde Kors som ein takk for innsatsen dei har lagt ned denne veka. Lokalt næringsliv har bidrege raust til auksjonen. Vi fekk inn ca. 34.000 kroner, så av dei går 17.000 til Røde Kors.

I tillegg kom det inn 28.000 kroner til kampanjen gjennom inngangspengar, sal av mat og andre varer som SJH-elevane har brukt fritida på å lage eller skaffe. Samla går dermed 45.000 kroner inn i potten som ein håpar skal berge skulen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sogn jord- og hagebruksskule

TRUGA: Sogn Jord- og Hagebruksskule treng millionar for å sikre vidare drift.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Målet: 12 millionar

Svendsen vedgår likevel at svært mykje står att, men nektar å gi opp kampen.

– Vi er godt i gang. Det tikkar inn pengar kvar einaste dag. Kampanjen held fram heilt til vi har samla inn 12 millionar kroner. Dette er berre starten. Vi gir oss ikkje før vi har alt vi treng. Vi skal gjere saka vår kjent over heile landet.

Mellom anna vil elevar frå skulen vere synleg på Bondens Marked i Bergen fram mot jul, og aksjonar er også under planlegging på Austlandet for å gi skulen auka merksemd.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.