Hopp til innhold

Snart kan du overnatte her - det gamle skulehuset blir DNT-hytte

Flora Turlag har inngått avtale med Kinn Sokneråd om å få leige det gamle skulehuset på Kinn og gjere det til ei ubetjent DNT-hytte.

Skulehuset på Kinn

BLIR DNT-HYTTE: Det tidlegare skulehuset på Kinn er eigd av Kinn Sokneråd.

Foto: Kinn Sokneråd

Leiar Siv Merete Stadheim i Flora Turlag seier dei er svært glade for at dei no kan tilby folk overnatting på ei av dei mange fine øyane utanfor Florø.

– Eg tykkjer dette blir eit spennande tilbod, og eg håpar mange nyttar seg av det. Vi i turlaget er motiverte for å legge dette til rette på beste måte.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim

- SPENNANDE TILBOD: Leiar Siv Merete Stadheim i Flora Turlag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det er Kinn Sokneråd som eig det tidlegare skulehuset, som ligg ikkje langt frå kaia på Kinn, på vegen til Kinnakyrkja . Flora Turlag har lenge ynskt seg eit overnattingstilbod i det eldoradoet av øyar som finst utanfor Florø, seier Stadheim.

– Vi ville gjerne ha eit tilbod nær sjøen både til eigne medlemmer og folk som ikkje er medlemmer i DNT. Då vi fekk sjansen til å inngå eit samarbeid med Kinn Sokneråd slo vi til.

Truleg klar til 1. juli

Det er 8-10 sengeplassar, og Kinn Sokneråd har brukt det gamle skulehuset til overnatting, mellom anna i samband med Kinnaspelet og pilegrimsvandringar.

– Kinn Sokneråd ynskte også at huset vart meir brukt, det er ein flott plass. Dei ville ha eit samarbeid med oss, og dermed blir dette ei DNT-hytte.

Kinnaklova

EIT NATURLEG TURMÅL: På Kinn finn vi den særmerkte Kinnaklova.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det må gjerast litt arbeid før DNT-medlemmer og andre kan ta hytta i bruk, men Siv Merete Stadheim seier dei tek sikte på å kunne opne DNT-hytta på Kinn rundt 1. juli i år. Ho trur det blir eit attraktivt tilbod.

– Det er godt båtsamband frå Florø til Kinn, det er lett å kome seg dit, det er kort gangavstand frå kaia til hytta, så her kan folk ha med seg ungar på tur, og seniorar kan og ta turen. Det er relativt høge fjell på Kinn for dei som vil utforske dei. Det er og mange kulturhistoriske minne på øya.

– Breitt og godt tilbod

Flora Turlag har frå før tre hytter, ei hytte i Grytadalen ved Magnhildskaret, Blåbrebu ved Ålfotbreen og Gjegnabu i nærleiken av Gjegnen med Hope i Hyen som utgangspunkt.

– No har vi tilbod både høgt til fjells og ut mot havet, vi får eit breitt og godt tilbod, og det er viktig for oss i turlaget, seier leiar Siv Merete Stadheim i Flora Turlag.

Frå før har Sogn og FjordaneTurlag to overnattingstilbod ved havet, på Råkeneset i Solund og Skongenes fyr i Vågsøy.

Kinn med kyrkja sett frå Kinnaklova

KINNAKYRKJA: Utsyn frå Kinnaklova mot Kinnakyrkja og spelestaden til Kinnaspelet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK