Hopp til innhold

Skulefag i Sogn vekkjer oppsikt

Eit nytt fag ved Trudvang skule i Sogndal vekkjer stor oppsikt blant internasjonale forskarar.

Video Barneskuleelevar vekker oppsikt

SJÅ TV-SAK: Det vekkjer internasjonal oppsikt at elevane ved Trudvang skule kombinerer fysisk aktivitet med andre fag.

For å få borna i god form får alle elevane ved skulen faget «fysak» kvar dag det ikkje er gym.

Då kombinerer ein tradisjonelle skulefag med fysisk aktivitet.

– Dette er absolutt fantastisk. Det er ein modell heile verda bør bite seg merke i, seier den kanadiske professoren Heather Mckay.

– Mykje kjekkare

Stadig fleire unge er for lite aktive og får i tidleg alder alvorlege livstilsjukdomar. Samstundes opplev ein at gymnastikkfaget ikkje har same status i skulen som norsk, engelsk og matematikk.

I Sogndal er 5.-klassingane Gaute Einevoll og Ivar Grefsnes er blide og nøgde etter nok ein skuledag der dei blandar tradisjonelle fag med fysisk aktivitet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heather Mckay.

IMPONERT: Heather Mckay.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– I staden for å vere inne og ha det kjedeleg. Så er det mykje kjekkare å springe rundt og vere ute å gjere leksene, seier Gaute.

– Du lærer på ein litt annleis måte, legg Ivar til.

Leiande forskar

Skulen samarbeider med Høgskulen i Sogn og Fjordane om faget «fysak». Her kan til dømes ein mattetime gå ut på at elevane må springe rundt i skulegarden for å løyse ei oppgåve i staden for å skrive den på papir.

Til saman fører dette til ein halvtime meir fysisk aktivitet dagleg. Det får også Mckay, som er ei av verdas leiande forskarar på born si folkehelse, til å heve augebryna.

Ho trur heile verda kan lære av det som skjer i Sogndal.

– Det er ekstraordinært det som skjer her, seier ho.

Trur dette er løysing

Idretts og skuleekspertar frå inn og utland stod i dag i skulegarden for å følgje med på undervisninga.

Mellom desse var også professor Sigmund Anderssen frå Norges Idrettshøgskule. han trur ein her kan sjå løysinga på eit folkehelseproblem.

– Dersom vi ikkje gjer noko, så vil dette koste oss frykteleg mykje om mange, mange år. For vi klarer ikkje å førebyggje livsstilssjukdomane som vi veit er der ute og som vi veit er aukande, seier Anderssen.

Vil forske på «fysak»

No ynskjer forskingsmiljøa eit stort forskingsprosjekt på opplegget ved Trudvang skule, og har søkt forskingsrådet om 29 millionar kroner.

Femteklassingane Gaute og Ivar skjønar ikkje at ikkje alle andre born får lov til å springe like mykje som dei. I skuletida.

– Eg tykkjer det er heilt idiotisk. Kanskje du lærer meir og har det ganske gøy ute, seier dei.