Skuleelevar streikar for klima over heile landet: – Det er vi som skal ta over denne jorda

FØRDE/JØLSTER (NRK): I dag skal tusenvis av ungdommar streike for klimaet. Over heile landet er førebuingar til aksjonen i gang.

Elevar på Vassenden skule gjer seg klare til klimastreik

KLARE: Elevar i sjuande og åttande klasse på Vassenden skule reiser til Førde for å streike for klimaet. Frå venstre: Frå venstre: Eirin Støfringsdal, Nikoline Andersen Håland, Miriam Søilen, Andrea Kristine Hylderås Gustavsen, Nora Norum Hellebust, Sunniva Tonning, Engel Eikås Tansøy.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

I Sogn og Fjordane er det aksjonar i ei rekke kommunar blant anna i Sogndal og Førde. I Førde samla hundrevis av ungdommar seg med i dag med sjølvlaga plakatar med opprop for klima. Blant anna har ein stor delegasjon frå Jølster.

– På denne plakaten her så står det at det er ingen planet B, forklarar Nora Norum Hellebust, som er ein del av ein jentegjeng på sju som i lengre tid har jobba med å lage plakatar.

På dei andre plakatane står det blant anna: «Vi må rydde i dykkar rot» ein det står «Det er vår framtid de køddar med» og «fun fact: klimaendringane er ekte. Gjer noko med det før det er for seint!». Plakatane er dekka med plast, men det er plast som dei miljømedvitne jentene hadde frå før. Dei er også opptekne av miljø i kvardagen.

– Vi brukar blant anna ikkje plastposar når vi er på butikken, og vi sorterer søppel og slikt, seier Eirin Støfringsdal.

  • Er du på klimastreik i dag? Send bilde der du er til oss på sf@nrk.no eller på Instagram og merk bilda med #nrksf. Vi sender også direkte frå klimastreiken på vår Instagram-konto. Direktesendingane kan du sjå om du følger nrksf på Instagram.

Streikeleiaren

Skulestreikane som starta med den svenske 16-åringen Greta Thunberg, har spreidd seg over heile kloden. Fredag 22. mars er det varslast at elevar i 2200 byer i 120 land når dei krev klimahandling frå politikarane.

Fleire elevar rund om i landet har allereie streika sjølv om dei ikkje får gyldig fråvær.

Greta Thunberg

MOBILISERER: Saman med makteliten var Greta Thunberg deltakar på Verdas økonomiske forum i Davos.

Foto: Valentin Flauraud / AP

Søkte om permisjon

I Jølster kunne elevane i søke om permisjon for å delta i demonstrasjonen.

– Eg har lyst å vere med å streike fordi det først og fremst er svært lærerikt. Eg har aldri delteke i politikk før. Eg får altså lære litt om politikk. I tillegg så er det bra at ungdom engasjerer seg for miljø og klima fordi det er vi som skal ta over denne jorda, seier Nora Norum Hellebust.

Veit de om det er mange frå dykkar skule som skal delta i dag?

– Eg trur det er ganske mange, 300 trur eg, seier. Engel Eikås Tansøy.

Er det verdt det, å ta ein dag fri frå skulen for å demonstrere?

– Det er det, fordi det er viktig å engasjere seg i slike ting.

Vassenden skule, plakt for klimastreik på skulane

AKSJONERER: Elevane gir klar beskjed kva dei meiner om klimaendringane med sine plakatar.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Må rydde

På ein av plakatane som jentene har med seg til Førde er det teikna ein jordklode der det går ein mann med feiekost og feiar

– Det er fordi det vi unge som skal ta over jorda, og då er det vi som må rydde opp alt som alle andre har øydelagt. Slik burde det ikkje vere, seier Nora Norum Hellebust.