I dag starta skulane att etter juleferien, og det første elevar landet over gjorde var å snakke om og minnast flaumkatastrofen i Asia. Ved Kaupanger skule samla kvar klasse seg for å snakke om katastrofen som har prega
alle den siste veka.
Snakkar ut om inntrykka
Fjerdeklassingane ved Kaupanger skule forstår godt kvifor dei skal setja seg i ring rundt eit tent lys i dag. Etter eitt minutt med stillheit prøver dei å snakka ut om tv-bileta dei har sett den siste veka saman med lærarane Jorunn Nyland og Annstein Skjeldestad.
Ulike reaksjonar
Klasseforstandar Nyland seier dei må vere varsame i slike samanhengar. Ikkje alle ungane har fått med seg like mykje, og faren ligg i at ei slik samling kan setja i gang ein sorgreaksjon som ikkje var der frå før.
- Det er alltid spennande i slike situasjonar om vi lagar bekymringar for dei, eller om vi er med på å løyse ting dei går rundt og grublar på. Men samstundes er det plikta vår å
sette fokus på slike hendingar, seier Jorunn Nyland.