Hopp til innhold

- Studiestøtta må bli betre

Skuleungdom tek på seg så mykje deltidsjobbing at skulearbeidet blir skadelidande, seier rektor ved Sogndal Vidaregåande skule.

Bokstabel

STABEL: Skulearbeidet hopar seg opp for elevar som jobbar deltid.

– Er eg på jobb ein kveld, må eg sitje oppe om natta å lese. Orkar eg ikkje det, så går det jo sjølvsagt ut over skulearbeidet, seier Veronica Heggheim (18).

140 timar

18-åringen frå Høyanger er elev ved medielinja ved Sogndal Vidaregåande skule. I tillegg har ho to jobbar og om lag 60 arbeidstimar i månaden. Det tilsvarer ein 40 prosents stillling.

– I ekstreme tilfelle har eg einskilde månadar jobba 140 timar ved sidan av skulegangen, fortel Heggheim

– Går ut over skulen

Rektor på Sogndal Vgs, Marta Sofie Vange, meiner det er eit problem at så mange elevar prioriterer jobb framføre skule.

– Elevane vert trøytte fordi dei har jobba for mykje. Dei klarer ikkje å prestere det me forventar av dei. Dette går ut over resultata deira her på skulen, seier rektoren.

Pengane avgjer

Vange trur for dårleg studiestøtte er årsaka til at så mange unge prioriterer arbeidsliv på bekostning av skule.

– Trongen til pengar veg truleg tungt. I jobben får dei løna si utbetalt øyeblikkeleg, medan skulearbeid lønar seg på sikt.

Mindre tid til vener

Men deltidsjobbing kan også ha andre konsekvensar enn dårlege karakterar. Det seier helsesyster Linda Habbestad Skorve.

– Dersom dei jobbar for mykje, kan det gå utover søvnen og det sosiale livet til ungdommane. Dei får ikkje vere like mykje vener og drive med ting dei syns er kjekt.