Hopp til innhold

Evakuerte skulebygg – frykta store snømengder

Delar av Vassenden skule vart i ettermiddag evakuert grunna store snømengder på taket. – Det har ikkje skjedd noko skade, men vi gjer dette for å vere på den sikre sida, seier rådmann Børge Tvedt.

Ryddar snø på taket til Vassenden skule

MYKJE SNØ: Snølaget på taket til Vassenden skule var byrja å bli tungt. I ettermiddag vart delar av skulen evakuert og mokearbeidet starta.

Foto: Anne Cecilie Kapstad

Elevane ved skulen har i ettermiddag fått alternativ undervisning etter at dei eldste delane av bygget vart evakuert og sperra av.

Vaktmeistrar er no i gang med å moke, medan brannmannskap vert kalla inn i ettermiddag.

– Vi har målt tyngda per kubikk, og det ligg innanfor det konstruksjonen skal tole i alle delar av bygget. Men skulen er bygd i ulike byggjetrinn, så vi har evakuert dei delane som er eldst, seier rådmann Børge Tvedt.

I dei eldre delane av bygget er belastninga opp mot grenseverdien for bereevna. Rådmannen seier dei håpar å ha skulen klar til bruk torsdag.

– Elevane i 1. til 4. klasse er ute og leikar i snøen. Elevar på mellomsteget og ungdomsskulen har alternativ aktivitet i dei delar av bygget der det ikkje er vurdert å vere fare for bereevna, seier Tvedt.

Kommunen har sjekka andre kommunale bygg, men har førebels berre funne grunn til å handle på Vassenden.

Tvedt oppmodar også private personar til å vere obs på taka sine og eventuelt moke.

– Er ein i tvil, så må ein ta kontakt med kommunen, seier han.