Hopp til innhold

No har politikarane bestemt framtida for skulane i Sogn og Fjordane

Fylkestinget har no vedteke korleis det framtidige vidaregåande skuletilbodet skal vere i Sogn og Fjordane. Vi har følgd debatten direkte i heile dag.

Vedtak

HENDENE I VERET: Her seier fylkestinget eit samla ja til skulebruksplanen for Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

No har politikarane i fylkestinget vedteke ein plan som sørger for ein framleis desentralisert skulestruktur i Sogn og Fjordane, men med store endringar.

– Til lags åt alle kan ingen gjera, sa Nils P. Støyva (Ap) då han innleia den siste runden av debattinnlegg om skulebruksplanen under fylkestinget i Førde.

Det vil i praksis seie at Luster vidaregåande skule blir lagt ned, avdelinga på Jølster det same og Mo blir lagt inn under Øyrane vidaregåande i Førde.

I vedtaket ligg det og inne store endringar for dei andre vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Fylkesrådmannen hadde i sitt opphavelege forslag også føreslege å leggje ned skulane i Høyanger og Stryn. Men begge desse overlevde politikarane sine skulekutt, men med endringar i tilbod.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Sogn og Fjordane Fylkeskommune Web-TV» i nytt vindu

Trass at dei fleste detaljane i vedtaket tidleg var på plass, så heldt politikarane fram med å hevda sine syn gjennom heile dagen. Alexander Øren Heen (Sp) er ein av dei som tok ordet.

– For Senterpartiet har det vore viktig å ha ein skulestruktur som fører til eit lågt tal hybelbuarar. Ein må få gode råd som gjer at ein helst ikkje vel feil. Vertskommunane vil få fleire utfordringar med fleire hybelbuarar. Vi som skuleeigar må ta ansvar for dei elevane som må flytte på hybel, påpeika Øren Heen.

Representantar for dei ulike partia har sidan før lunsj hatt ein omfattande debatt om kva tilbod dei vidaregåande skulane skal ha i Sogn og Fjordane dei komande åra - og ikkje minst - kva linjer og kva skular skal overleve.

I salen har og mykje publikum, ikkje minst frå Høyanger, samla seg. Fylkesordføraren måtte i starten av møtet be publikum dempe seg for å få i gang debatten.

– Ikkje press elevane

Ordførar i Eid og fylkestingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, starta sitt innlegg med å gje ros til det politiske arbeidet som var gjort med skulebruksplanen.

– Vi må ha eleven i sentrum for alt arbeid med vidaregåande skule. Det er også ekstremt viktig at ein frå politisk hald forventar at det blir utvikla eit nærare samarbeid mellom skulane, slo Bjørlo fast.

Han la og vekt på at det ikkje må bli slik at 15-åringar no skal føle eit press på seg til å velgje skulen som ligg nærast dei geografisk.

– Det må ikkje bli slik at 15 åringar føler eit press på seg og blir sett på som illojale om dei ikkje støttar opp om sin skule. Det er ungdomen sine val som må stå i sentrum, sa Bjørlo.

– Må sjå på saka igjen

Etter ein lunsjpause er no debatten i gang igjen på Rica Sunnfjord Hotell i Førde. Først ute etter pausen var Jenny Følling (Sp)

– Eg trur at det blir bra for dei som skal søkje på dette her. Eg trur at det kan gå med denne løysinga nokre år. Så på eit eller anna tidspunkt må vi sjå på saka igjen. Men då har vi eit bilde av kva linjer som står seg, sa Følling.

Ho la i sitt innlegg vekt på at fleire av skulane er truga, og at ein difor må finne løysingar som sikrar tilbod i dei ulike regionane.

Særleg trakk ho fram verdien av å leggje den tradisjonsrike jordbruksskulen på Mo inn under Øyrane vidaregåande i Førde.

– Vanskelegaste saka

– Saka som står på dagsorden er ei sak som både administrasjonen og politikarane har hatt på bordet i lang tid. Dette er den største og vanskelegaste saka vi har hatt på bordet i denne perioden, slo Henrik Oppen (Ap).

Han la og stor vekt på at det ikkje var enkelt som politikar å vere med på å leggje ned vidaregåande skular.

I det som kjem til å bli vedteke i dag, ligg det inne ei nedleggjing av den vidaregåande avdelinga på Vassenden og full nedleggjing av Luster vidaregåande skule på Hafslo.

– Færrast mogleg på hybel

Han peika på at dette er ei sak om omfattar alle deler av fylket, først og fremst ungdomen vår og kva utdanningstilbod dei kan få.

– Dette skal vere tilpassa samfunnet sitt behov for arbeidskraft, men skal og vere eit tilbod der færrast råd er skal sleppe å flytte på hybel eller pendle urimeleg langt, sa Oppen frå talarstolen.

Først ute i debatten var Norvall Nøringset (SV). Han omtala det siste året som ein politisk og privat unntakstilstand.

– Målet har vore å finne ei felles og samlande løysing. Det som har vore viktig for meg er at elevane og skulane ikkje har blitt ein politisk kamp om valstemmer og sympati. Elevane og skulane har vore i fokus, sa Nøringset.

Forstår uroa frå foreldra

Som leiar i hovudutval for opplæring i fylkeskommunen, har han hatt ein svært sentral rolle i å utforme saka undervegs. Og som dei i dag set ein førebels sluttstrek for.

– I denne saka har eg fått frykteleg mange epostar og telefonar frå dei dette gjeld. Ikkje minst frå foreldre som er svært uroa for borna sine. Eg forstår det, eg trur iallefall eg forstår det. Eg har fått meldingar og samtalar frå politikarar og næringsliv som vil kjempe for sine lokale tilbod, sa Nøringset.

– Må ta omstilling

Han mana også til at ein er nøydd til å forstå at endringar vil måtte kome, og han reagerte også sterkt i sitt innlegg på det som har kome fram i debatten om "jente- og guteskular".

– Omstillingar må vi ta, meiner Nøringset.

Han la til slutt fram det raudgrøne fleirtalet sitt forslag som mellom anna inneber oppretthalding av frisørlinja i Høyanger.

Som utvalsleiar oppmoda han også sterkt fylkestinget til å ikkje gjere detaljerte vedtak om kor mange paralelle klassar det skal vere på kvart studietilbod på dei ulike skulane. Dette må vere hovudtvalet sin jobb, meiner Nøringset.

Fylkestinget

F.v. fylkesrådmann Tore Eriksen, fylkesordførar Åshild Kjelsnes, Knut Henning Grepstad. Bak f.v. Frank Willy Djuvik, Noralv Distad, Jenny Følling, Trude Brosvik, Marit Barsnes Krogsæter og Nils P. Støyva.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Alfred Bjørlo

KVALITET: Alfred Bjørlo (V) meiner at elevane må stå i sentrum for skulepolitikken i fylket framover.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Jenny Følling

GÅR FOR LØYSING: Jenny Følling (Sp) meiner at skulebruksplanen no får ei god løysing.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Henrik Oppen

IKKJE ENKELT: Henrik Oppen (Ap) tykkjer det er vanskeleg å vere med og leggje ned vidaregåande skular.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Norvall Nøringset

STARTA DEBATTEN: Norvall Nøringset (SV) heldt det første innlegget i debatten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Fylkestinget i Sogn og Fjordane samla.

DEBATT: Fylkestinget er tysdag og onsdag denne veka samla i Førde.