Skule snur etter NRK-sak – vil hjelpe student som skal ha blitt valdteken

Studenten «Eirik» fortel at han vart valdteken då han var i praksis i eit nordisk land. Heime i Noreg måtte han sjølv ta initiativ for å få hjelp, og han får ikkje bistandsadvokat. No har skulen snudd og gir han éin person som skal følgje han opp.

Valdteken på utveksling

TØFF TID: Studenten fortel at han ikkje klarer å konsentrera seg like godt no som har gjorde før valdtekta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg trudde det var heilt openbert at eg skulle få ein norsk bistandsadvokat, og at skulen skulle stå klar med ein kriseplan.

«Eirik» er i 20-åra, vestlending og studerer ved ein utdanningsinstitusjon på Vestlandet. Då han var i praksis i eit anna nordisk land i vinter, opplevde han å bli valdteken på ein hyttetur den nest siste kvelden han var der.

Må gjera «alt» sjølv

Institusjonen han studerer ved fekk beskjed om det han hadde blitt utsett for med ein gong. Men då han kom tilbake til Noreg tre dagar seinare, opplevde han at han sjølv måtte ta alle initiativ for å få hjelp og framgang i saka.

– Eg trudde dei skulle stå klare med ein kriseplan då eg kom på skulen. At dei skulle fortelja meg «no skjer dette, desse skal du snakka med, slik skal me leggja til rette for studieløpet ditt, dette er rettane dine».

«Eirik» fortel at alle han har snakka med på skulen har vore hjelpsame og at han har fått hjelp til det han har spurt om.

Problemet er at han heile tida har måtte ta initiativet til det sjølv, samstundes som han sjølv må prøva å få informasjon om kva som skjer med etterforskinga.

Det, på toppen av det å behandla traumet, har blitt for mykje.

– Eg har bestemt meg no for å utsetta bachelorskrivinga og berre ta eitt fag. Men dette stel så mykje av tida mi, så det er vanskeleg nok berre det faget. Konsentrasjonsevna mi har endra seg, no slit eg med å skriva heilt enkle tekstar, seier «Eirik».

– Tenk om dette hadde skjedd med nokon som ikkje hadde orka å ta alt initiativet sjølv. Kva hadde skjedd då? spør han retorisk.

Først etter at NRK har vore i kontakt med utdanningsinstitusjonen, har dei snakka med studenten på nytt. No får «Eirik» ein person han kan forholda seg til, og som skal følgja han opp.

Valdteken på utveksling

MYKJE JOBB: Han fortel at det går veldig mykje tid til å halda seg oppdatert på kva som skjer i saka og til å finna ut kva rettar han har.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ikkje rett på advokat

Heller ikkje ein norsk bistandsadvokat har han rett på. Lova er slik at om ein blir utsett for eit lovbrot i eit anna land, må ein forholda seg til rettane ein har der.

Det er likevel ei opning i norsk lov for at ein kan få norsk bistandsadvokat. Ein norsk advokat har søkt norsk rett om å bli oppnemnd som bistandsadvokat for «Eirik», men fekk avslag.

«Eirik» opplever at advokaten han fekk i landet det skjedde er vanskeleg å både koma i kontakt med og å få tilfredsstillande informasjon. NRK har vore i kontakt med advokaten, som ikkje ønskjer å kommentera saka då den framleis er under etterforsking.

– Hadde eg hatt éin person her heime som kunne heldt meg oppdatert og gitt meg informasjon når det er noko nytt, då hadde skuldrene mine senka seg litt. No føler eg at om eg ikkje følgjer opp ofte og rutinemessig sjølv, så kan det hende det skjer ting eg ikkje får med meg.

Han fortel at det er vanskeleg å behandla det som skjedde, når han heile tida må forholda seg til alt det praktiske som må ordnast. Han har vore i kontakt med den norske ambassaden i landet, og fått god hjelp med informasjon om kva som skjer i saka der.

Men som med alt anna er det han som må ta kontakt for å finna ut kva som skjer.

– Eg føler eg forsvinn i systemet.

– Må sjå om me er gode nok

Prorektor ved institusjonen der «Eirik» studerer seier dei tek saka veldig alvorleg, og fortel at dei må gå gjennom rutinane sine.

– Det er tilrettelagt for at ein kan få hjelp, men så må me sjå på om me har vore gode nok til å formidla dei moglegheitene. Me må sjå på korleis mottaket er når ein student kjem heim frå praksis.

– Men det må vera studenten sjølv som må velja å nytta seg av tilbodet eller ikkje, seier prorektor.

Justisdepartementet kan ikkje kommentera enkeltsaker, men skriv følgjande til NRK:

– Fornærma i alvorlege straffesaker i utlandet vil etter omstenda kunne ha krav på å få dekka utgifter til advokat etter reglane i lov om fri rettshjelp § 12. Avgjerda føreset at det i vedkomande land ikkje eksisterer eit tilfredsstillande tilbod om juridisk bistand og at fornærma oppfyller dei økonomiske vilkåra etter rettshjelpslova. Dersom handlinga er så alvorleg at den ville ha gitt rett til bistandsadvokat etter den norske straffeprosessloven om den hadde funne stad i Noreg, kan norske myndigheiter dekka utgiftene til advokat i saka.