NRK Meny
Normal

Skule manglar fagfolk

Måløy vidaregåande skule får ikkje tak i nok fagfolk på grunn av dei gode tidene i offshore-bransjen.

Måndag høyrde vi at redningskøyta låg til kai i Måløy fordi dei manglar maskinist. No kan problemet bli større, for heller ikkje dei som skal utdanne nye fagfolk kan konkurre med dei høge lønningane i offshore-bransjen, seier rektor Karl Ottar Runderheim.

Frå før har vi høyrt at Fjord1 må bruke pensjonistar i sommar for å avhjelpe mannskapsmangelen. Fiskarlaget har lenge vore på barrikadane for å krevje like gode lønsvilkår som oljeforsyningsflåten, som er i ferd med å støvsuge marknaden for utdanna fagfolk.

Vond sirkel

Og no er ein i ferd med å kome inn ein vond sirkel. Dei få fagfolka som blir utdanna forsvinn til godt betalte jobbar i offshore-næringa.

- Politikarane må på bana

Runderheim ser klart at skulen og næringa har ein jobb å gjere med å marknadsføre utdanninga, men meiner og at politikarane må kome på bana.