Hopp til innhold

Skule i sorg etter at to elevar omkom i ulukke

Ved Måløy Vidaregåande skule heng flagget på halv stong. Fredag vart to av elevane funne omkomne etter ei trafikkulukke.

Flaggar på halv stang

OMKOM I ULUKKE: Måløy Vidaregåande skule opnar dørene i helga, etter at t av elevane veskulen omkom i trafikkulukke.

Foto: Silje Guddal / NRK

Når skuleveka startar måndag kjem to pultar ved skulen til å stå tomme. Laurdag er tilsette og kriseteamet på plass når Måløy vidaregåande skule opnar dørene for dei av elevane som måtte ynskje å snekke med nokon om det som har skjedd.

– Vi ynskjer å opne skulen fordi elevane kan få møte opp, få informasjon og snakke med andre om det som har skjedd. Det blir også ei opa skuleøkt søndag kveld sidan ein del hybelbuarar er berørte av ulukka, seier rektor Rundereim.

– Når elevar kjem tilbake til ei ny skuleveke har vi liknande opa økt søndag kveld. Det blir ei formell minnemarkering på skulen måndag, avsluttar han.

Tung tid for skulen

Karl Ottar Rundereim

PREGA: Rektor Karl Ottar Rundereim ved Måløy vidaregåande skule seier dei gjorde det dei kunne for å lokalisere dei to sakna ungdomane.

Foto: Kristin Maurstad

Rektor Karl Ottar Rundereim kan vanskeleg sjå at skulen kunne gjort noko annleis for å lokalisere dei to sakna elevane ved Vågsøy vidaregåande skule.

Kjærasteparet vart sist sett onsdag køyrande sørover på fylkesveg 618 frå Selje.

Fredag vart ungdomane formelt meldt sakna. Dei hadde då ikkje vore på skulen torsdag og fredag. Ut på fredagskvelden vart to personar funnen omkomne i bilen til sakna.

– Eg føler vi gjorde det vi kunne for å lokalisere ungdomane. Vi følgde vanlege rutinar for å komme i kontakt med dei, seier rektor Karl Ottar Rundereim.

Oppsøkte hybelen

Måløy vidaregåande skule er prega av sorg. Sjølv om dei to omkomne personane ikkje er formelt identifisert laurdag morgon, er det lite som tyder på at det kan vere andre enn ei sakna 18 år gamal jente og ein sakna 19 år gamal gut frå Flora.

Dødsulukke ved Røyrvikneset i Selje.

I FJORDEN: Bilen med dei to omkomne personane vart funnen på ni meters djupne i fjorden.

Foto: Inge Skavøypoll

Ungdomane var begge vidaregåande elevar i Vågsøy, og var på retur frå Selje etter å ha vist veg for nokre vener.

– Vi forsøkte å komme i kontakt med elevane torsdag morgon og utover dagen. Det gjentok vi også fredag morgon. Då vi ikkje fekk kontakt oppsøkte vi hybelen, og sendte uromelding til politiet, seier Runderheim.

Orienterte føresette

Rektoren opplyser at føresette vart informert om fråværet til ungdomane.

Søket starta fredag ettermiddag då familiane meldte ungdomane sakna.

– Rutinane seier at føresette skal varslast første dag hybelbuarar ikkje kjem på skulen. Det skjer, også at ein ikkje får kontakt med elevar, utan at det treng vere dramatikk i det. Men då skal dette følgjast tett opp, slik som vi gjorde også denne gongen, seier Runderheim.

Familiane blir følgde opp

Dei to sakna elevane har innvandrarbakgrunn i Florø. Pårørande er varsla om ulukka og funnet av dei to omkomne i Selje.

Arild Melvær

FØLGJER OPP: Familiane til Flora-ungdomane blir følgde tett opp, seier leiar Arild Melvær ved Innandrarsenteret i Florø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Som i Vågsøy, har Flora kommune sett kriseteam. Familien til ungdomane får tett oppfølging.

– Vi føler sjølvsagt sterkt med familiane i sorga. Dei har folk rundt seg og blir godt ivaretekne, seier Arild Melvær, leiar ved Innvandrarsenteret.

Medan skulen i Vågsøy opnar dørene og gjennomfører minnemarkering, vil ikkje Innvandrarsenteret i Florø markere ulukka.

– Men senteret står parat om det skulle vere ynskje om noko, seier Melvær.