NRK Meny
Normal

Skule evakuert etter røykutvikling

Mo og Øyrane vidaregåande skule er evakuert etter røykutvikling.

Røykutvikling Mo og Øyrane vgs

Foto: Oddleif Løset

– Det er røykutvikling i ei heissjakt på eit undervisningsbygg på Mo og Øyrane vidaregåande skule på Mo i Førde kommune, seier Nina Andal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Meldinga kom klokka 11.14, og brannvesenet, politiet og helsevesenet rykte ut.

Politiet melder at to personar er utsette for røyk, og dei vart undersøkte av helsepersonell på staden.

– Det er ikkje registrert opne flammar. Alle som var i bygget har kome ut, seier politibetent Odd Helge Vågseth, som er på staden.

– Det ligg ei pute og ryk: Kva kan du seie om ho?

– Den vil vi ta med oss for nærmare undersøkingar, seier Vågseth, som ikkje kan seie kvar puta vart funnen.

Mo og Jølster vgs
Foto: Oddleif Løset / NRK
Laster kart, vennligst vent...

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser