Hopp til innhold

Skuldrane skal lækjast raskare

Nordfjord sjukehus skal leie eit banebrytande prosjekt som skal gje raskare lækjing av skulderskadar.

Nordfjord Sjukehus
Foto: NRK

I Sverige har skulder-skadde lenge kome mykje tidlegare attende i arbeid enn her i landet.

I neste månad startar sjukehuset med ortopedikirurg Ulf Svennerby i spissen kursing av primærlegar, fysioterapeutar, kiropraktorar og sjukehuspersonell for å gje skulderskadde raskare behandling.

- Må takast på alvor

Svennerby seier at det no er på høg tid at lækjing av skulderskadar vert tatt skikkeleg på alvor i Noreg og.

- Dette er blitt eit veldig stort problem. Det er fleire som no har skulderlidingar enn rygglidingar, seier Svennerby. 

Kunnskapen om denne typen lidingar er svært variabel blant dei tilsette i helsevesenet. Og ofte opplever pasientar å verte sende på ein lang rundtur mellom legar, sjukehus, fysioterapeutar og andre fagfolk med plagane før dei får hjelp. Resultatet er sjukemelding og lang tid før pasientane kjem i arbeid att.