Hopp til innhold

Skuldar Vik 600 000

26-åringen som saksøkte kommunen for mangelfull opplæring slit no med stor gjeld til Vik kommune.

Vik
Foto: Bjørn Sæbø

I eit langt lesarbrev i Sogn Avis i dag skriv 26 år gamle Jøran Mossestad om korleis kvardagen er etter at han i juni tapte rettssaka mot Vik kommune.

Mossestad saksøkte kommunen for mangelfull opplæring, men tapte både i tingretten og i lagmannsretten.

Søkte om å slette gjeld

26-åringen skuldar Vik 600 000 kroner. Han har søkt om å få ettergitt gjelda.

«Men eg fekk svar tilbake om at eg måtte kontakte kommunen eg budde i for å få hjelp til gjeldsrådgjeving, eller me kunne sette opp ein nedbetalingsplan. Men korleis skal eg eg få til dette til? Eg skal no leve som eit normalt menneske eg også. Betale husleige, straum, osv... Eg meiner at kommunen kunne ha ettergitt beløpet,» skriv han i lesarbrevet.

26-åringen bur i Sogndal og har fått seg jobb på kjøkkenet i Veidekke fram til oktober.

I lesarbrevet skriv han vidare at saker som gjeld skuleborn burde vore dekt av det offentlege.

«Eg har fått prøvd saka oppe i rettssystemet, eg meiner framleis at kommunen kan komme og seie til meg du skal sleppe og betale sakskostnader, og at dei tek på seg at dei har gjort ein feil - at dei kan innrømme dette.»

Mobba i oppveksten

Jøran Mosstad vart mobba i oppveksten i Vik, og og saksøkte skulen på grunn av mangelfull opplæring.

Men retten fant det ikkje bevist at kommunen ikkje hadde gjort sitt for å hindre mobbinga og gav ikkje saksøkjaren medhald. 26-åringen meiner det vart gjort feil i tingretten og lagmannsretten.

«Ein på PPT der ute sa til meg og min far at eg hadde ramla mellom to stolar, og der blei eg verande. Og at det var skremmande at kommunen hadde forsømt meg så lenge. Men dei hadde oversett at eg hadde eit problem,» skriv han i lesarbrevet.

Streva med leksene

Han fortel detaljert om korleis oppveksten i Vik var med mangelfull ekstraundervisning og mange vikarlærarar, og han fortel korleis han streva med mange fag:

«Eg sat mange timar kvar dag med lekser, men det var slitsamt, tungt, spesielt i matte. Men i engelsk og nokre få andre fag, gjekk det betre og kommunen la vekt på at eg hadde ståkarakter i engelesk, for det er ikkje vanleg.»

Jøran Mossestad har også prøvd å få saka opp som prøvesak i høgsterett, men skriv at det vart han nekta:

«Eg har jo ikkje råd til å betale dyre advokatar.»