Hopp til innhold

Skuldar universiteta for å forsømme botanikkfaget

SOGNDAL (NRK): Tap av biologisk mangfald og fokus på klima har aldri vore større. Samtidig nedprioriterer universiteta den botaniske kunnskapen, meiner fagfolk.

Espen Sommer Værland

TRUSSEL: Botanikar Espen Sommer Værland meiner at naturinngrep, som utbygging av hyttefelt, vindmølleparkar og vegbygging, er den største trusselen mot artsmangfaldet.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi har forplikta oss til å ikkje utrydde artar og ta omsyn til naturen. Skal vi ha ei kunnskapsbasert forvaltning av naturen, må vi vite kva vi har og kvar vi har det. Det er så enkelt.

Espen Sommer Værland er botanikar, for tida lokalisert i Sogndal. Botanikarar arbeider med å kartlegge naturen og artane våre. Værland er uroa for naturen rundt seg.

– Eg trur det er mange i dag som går rundt og tenker at naturen har endra seg før, at dette kjem til å gå bra. Men eg trur ikkje dei forstår kor raskt ting endrar seg i dag i forhold til tidlegare.

I mai la Det internasjonale Naturpanelet fram sin rapport som viser at tapet av biologisk mangfald er større og raskare enn nokon gong. FNs klimapanel reknar med at 20 til 30 prosent av artane på jorda står i fare for å døy ut på grunn av menneskeskapte klimaendringane.

– Kan mindre enn før

Samtidig nedprioriterer både universiteta og universitetsmusea botanisk kunnskap, meiner Norsk Botanisk Forening og Sabima.

– Den gjennomsnittlege biologen utdanna på Universitetet i Oslo i dag har lågare kompetanse på biologisk mangfald og artskunnskap enn før. Det er ikkje gunstig når ein skal ut på ein arbeidsmarknad med aukande etterspurnad om kompetanse på nettopp desse områda, seier Værland.

Samfunnsansvar

Christian Steel er einig. Han er generalsekretær i Sabima, som arbeider med å stanse tapet av natur og biologisk mangfald. Steel meiner ansvaret for å vare på den botaniske kunnskapen ligg ved universiteta og universitetsmusea.

Christian Steel, Sabima

UROA: Christian Steel, generalsekretær i SABIMA.

Foto: Sabima

Ifølgje både Steel og Norsk Botanisk Forening har fleire universitet og universitetsmuseum ei lågare satsing på kunnskap om planter, artar og dyr i naturen enn før.

– Vi treng meir kartlegging og kunnskap for å planlegge betre, unngå øydelegging av verdifull natur, og også for å redusere konfliktar, seier Christian Steel.

Kjenner seg ikkje igjen

Instituttleiar for Institutt for biovitskap på Universitetet i Oslo, Rein Aasland, er ikkje einig i påstandane. Han meiner instituttet sitt program er godt rusta til å utdanne morgondagens biologar.

– Det er ikkje grunnlag for å seie at vi nedprioriterer feltbiologien. Vi har eit veldig godt tilbod, og i sum eit større emnetilbod i dag enn tidlegare. All kunnskap om diversiteten i naturen er viktig, ikkje berre botanikk, seier Aasland, og held fram:

– Så er det alltid eit spørsmål om vi gjer nok, men vår oppgåve er å motivere studentane til å fordele seg innan dei ulike retningane i biovitskapsfaget.