Hopp til innhold

Skuldar regjeringa for svikt i vegsatsinga

Regjeringa sviktar når det gjeld vegbygging i distrikt som Sogn og Fjordane, meiner Rolf Olav Tenden, som fylkesleiar i Lastebileigarforbundet. Samferdselsministeren avviser kritikken.

Rolf Olav Tenden

Leiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden, er veldig skuffa over regjeringa si vegsatsing i fylket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg reagerer med vantru på regjeringa si vegsatsing. Det blir mykje prat og lite vegbygging, seier Tenden.

Tenden er spesielt kritisk til at det tek så lang tid å planlegge vegprosjekta.

– Berre på trekninga Skei-Hornindal på E39 er det sett av fire år til planlegging. Vi kan ikkje bruke mange år for å finne traséen gjennom ei lita bygd. Det heile tek altfor lang tid, seier han.

Tenden har leia Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane i om lag ti år, og han har ofte vore skuffa over mangelfulle vegløyvingar. Då Høgre/Frp-regjeringa lova tidenes satsing på vegutbygging, fekk han store forhåpningar.

Vi kan ikkje bruke mange år for å finne vegtrasèen gjennom ei lita bygd. Det heile tek altfor lang tid.

Rolf Olav Tenden

Men for Sogn og Fjordane sin del har Tenden vorte skuffa.

– Vi ser det blir gjennomført ei rekkje store prosjekt på Austlandet. Det blir ein kamp mellom by og land der distrikta blir nedprioriterte, seier Tenden.

Avviser kritikken

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) avviser kritikken.

– Tenden må hugse på at veldig mykje av satsinga skjer gjennom vedlikehald av det vegnettet vi allereie har. I tillegg byggjer vi mykje nytt, seier ministeren.

Han viser til at det over nyttår blir det sett i gang arbeidet på strekninga Bjørset-Skei på E39 gjennom Jølster. Han viser også til at det skal brukast mykje pengar på å utbetre riksveg 5 gjennom Sogndal og riksveg 13 frå Vik til Vangsnes.

Ketil Solvik-Olsen

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) avviser kritikken frå Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Jane Rasmussen / NRK

Det tek tid å planleggje når ein skal byggje heilt nytt og der det er komplisert med nye tunnelar og store bruer.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

– Vi får ikkje gjort alt på ein gong, men vi ser ei vesentleg høgare takt i vegsatsinga no enn det ein har vore vane med.

Men kvifor må de bruke fire år på å planlegge vegen på E39 mellom Skei og Hornindal?

– Det tek tid å planleggje når ein skal byggje heilt nytt og der det er komplisert med nye tunnelar og store bruer, seier han.

Tenden seier regjeringa prioriterer vegbygging i sentrale strok og at distrikta blir nedprioritert. Kva seier du til det?

– Nei, det er absolutt ikkje rett.

Har den blå regjeringa ført veljarane i Sogn og Fjordane bak lyset i vegsektoren?

– Nei, det er heilt feil. Spesielt når det gjeld vedlikehald av det eksisterande vegnettet, satsar vi mykje meir enn tidlegare regjeringar, seier Solvik-Olsen.

Vil ikkje svare

Ministeren vil ikkje seie noko om kva tid E39 mellom Byrkjelo og Kjøs Bru i Hornindal vil stå ferdig. Stortinget har vedteke at E39 skal leggjast i tunnel under Utvikfjellet og bru over Nordfjorden.

– Prosjektet blir no planlagt, og dei store prioriteringane vil bli gjort når Stortinget vedtek Nasjonal Transportplan til neste sommar.

Så du vil ikkje antyde kva tid du vil ha dette prosjektet ferdig?

– Nei, men vi jobbar for framleis auka satsing på vegbygging.