Hopp til innhold

Skuldar regjeringa for løftebrot

- Regjeringa har brote valløftet om å gje langsiktige kraftavtaler til norsk industri.

Demonstrasjon i Høyanger
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det meiner 10 000 industriarbeidarar, som går ut i streik i onsdag, i mellom anna Høyanger, Årdal og Svelgen.

Streik frå klokka 11

Den to timar lange streiken som startar klokka 11 markerer kravet om meir langsiktige rammevilkår for industrikrafta. - Den raudgrøne regjeringa har lova å få på plass eit industrikraftregime i denne Stortingsperioden. Det har dei ikkje levert. Det seier Leif Sande, som er forbundsleiar i Industri Energi i LO.

Svært skuffa

- Me er veldig skuffa over at regjeringa ikkje leverer 30 år. Det lova dei for eitt år sidan, då Haga var olje og energiminister. I tillegg har landsmøtet i AP vedteke at dei vil gå for 30 år. Så vi er veldig skuffa over at dei ikkje kjem med eit slikt framlegg no.

- Det beste vi kunne få til

Erling Sande

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp)

Foto: NRK

Erling Sande i Energi -og miljøkomiteen på Stortinget seier 15 års kraftavtaler er det beste som er mogeleg å få til innan for dagens EØS-regelverk - Dette handlar om utleigeavtalar, altså leige av kraft til industrien. Grunnen til at vi går for 15 år, r er at viss vi velge lengre periodar så kan vi undergrave det heimfallsinstituttet vi har. Det som sikrar offentleg norsk eigarskap til kraftressursane våre.

Bestemt av EU

Det er Eu-systemet som set ned foten, seier Sande. - Difor er vi nøydde til å jobbe langs fleire andre spor for at industrien vår framleis skal få langsiktige og gode vilkår, og det jobbar vi med no.

- Vi har høyrt at tidlegare olje-og energminister Åslaug Haga t love 30 år, og Ap har landsmøtevedtak på 30 år, men de landa likvel på 15 år?

Ja, og det er etter klare råd frå juristane som kan Eu-rett. Dei seier at dersom vi går for lengre avtalar så risikerer vi at prinsippet vi har vunne fram med, nemleg at norske fossar og norske kraftressursar, framleis skal vere på norske hender, raknar.

Framleis mogleg med lengre kontrakter

- Industrien kan framleis få langsiktige kraftkontrakter, men då på kommersielt grunnlag. Det har dei framleis moglegheit til. Då er ikkje 15 år noko grense, seier Sande. - Vi veit at det eksisterer langsiktige kraftavtalar i dag, og det er jo avtalar mellom nokon som produserer kraft på eine sida, og industrien på den andre sida, om kjøp av kraft over eit viss tal år , og som dei då slår fast i avtalene.