Skuldar profilert Venstre-ordførar for gigantisk klimabløff

– Fullstendig useriøst å love landstraumanlegg for cruiseskip utan å ha finansiering på plass.

Sigurd Reksnes ved cruiseskip Eid

PROVOSERT: Leiar i Vestland Senterparti, Sigurd Reksnes, meiner det er heilt utruleg at Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) kan love miljøvenleg landstraumanlegg for cruiseskip utan at han veit kva det vil koste og kven som skal betale. Her er han på cruisehamna på Nordfjordeid.

Foto: Benedikte Grov / NRK SOGN OG FJORDANE

Dette seier Sigurd Reksnes, gruppeleiar i Eid Senterparti og leiar i Vestland Senterparti. Ordførar Alfred Bjørlo har i ei årrekkje vore ein av dei mest kjende Venstre-ordførarane i landet og har profilert seg sterkt som ein miljøforkjempar.

Bjørlo har forsvart oppstart av cruisetrafikk i heimkommunen med at det vil kome landstraumanlegg.

«Sjølvsagt skal vi ha landstraumanlegg», har vore mantraet til Venstre-ordføraren. Han har heile tida avvist at planane er luftige og avvist at landstraum ikkje vil bli noko av. Sigurd Reksnes har sett seg lei av å høyre på dette.

Alfred Bjørlo spelar på lur på Nordfjordeid

FEIRA CRUISEOPNING: Ordførar Alfred Bjørlo (V) var kledd i bunad, spelte lur og var i festhumør då det første cruiseskipet kom til Nordfjordeid i år. No blir han kritisert for å ha lova landstraumanlegg, utan å ha dekning for det.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Sidan Bjørlo vil profilere seg som ein miljøvenleg ordførar, har han gått høgt på banen sjølv om han ikkje har dekning for lovnadene sine. No spyr skipet ut forureining når det ligg til kai, seier han.

Reksnes legg til at Bjørlo ser ut til å ha gløymt at skipa er til havs store delar av tida, og at mesteparten av utsleppa skjer då.

Manglar både kostnadsoverslag og finansiering

Ordførar Bjørlo skuldar Reksnes for å mangle miljøengasjement.

– Vi vedtok i formannskapet i Eid rett før sommaren at vi sluttar oss til ei felles erklæring frå dei aller fleste store norske cruisehamnene om at vi skal ha landstraum på plass seinast innan 2025, seier han.

– Men ein kan vel ikkje få eit landstraumanlegg gjennom eit kommunalt vedtak?

– Vi veit at dei tekniske løysingane er der, og vi veit at det er kapasitet i nettet til å levere landstraum til dei aller fleste cruiseskipa utan store investeringar i nettet. Dette skal vi få til.

På direkte spørsmål vedgår Bjørlo at det så langt ikkje er utarbeidd noko skriftleg kostnadsoverslag.

– Nei, vi har det ikkje skriftleg, men gjennom dialog med selskap som mellom anna jobbar med landstraum i Bergen tyder det på at eit anlegg på Nordfjordeid vil koste om lag 40 millionar kroner, seier han. Det ligg heller ikkje inne søknad til det statlege Enova om å få støtte til eit landstraumanlegg.

Cruiseskip Eid

UTSLEPP: Cruiseskip slepp ut store mengder miljøgifter og blir sett som verstingar for miljøet. Her ser vi eit cruiseskip då det var på Nordfjordeid i sommar.

Foto: Øystein torheim

– Nytt storting kan hindre landstraum

Bjørlo påpeikar at anlegget skal finansierast gjennom statlege bidrag, brukaravgift og betaling for straumen.

– Det er naturleg at også kommunen bidreg, men det er sjølvsagt ikkje slik at kommunen åleine skal betale ei så stor investering, seier Bjørlo.

Ordføraren meiner det berre er eit nytt fleirtal på Stortinget som kan hindre at det blir landstraumanlegg på Nordfjordeid.

– Vi kan få eit nytt fleirtal med til dømes Senterpartiet i spissen som ikkje vil ha landstraum i Noreg. Då må vi avvikle cruisetrafikken på Nordfjordeid frå 2025, seier Bjørlo.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) på Nordfjordeid

STÅR PÅ SITT: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid lover at det vil kome miljøvenleg landstraumanlegg på cruisehamna på Nordfjordeid. Det einaste som kan stoppe det er eit anna stortingsfleirtal, meiner han. Her under opninga av cruisehamna tidlegare i år.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Provosert og oppgitt

Reksnes er oppgitt og provosert over Bjørlo.

– Eid kommune har jobba i mange år med å få på plass cruisekai. Vi har inngått avtale med Seawalk Nordfjord der vi gjev selskapet rett til å ta imot cruiseskip i 50 år. Det er useriøst og heilt sprøtt å bryte denne avtalen. Det vil garantert utløyse erstatningskrav mot kommunen, seier Reksnes.

Han meiner alle forstår at ein ikkje får på plass eit landstraumanlegg gjennom eit kommunalt vedtak.

– Korkje kostnadsoverslag eller finansieringsplan er plass. Eg har nesten ikkje ord, seier Reksnes.

Han meiner det er uaktuelt for kommunen å bruke pengar på eit landstraumanlegg.

– Vi har store utfordringar med å finansiere tenestetilbodet vårt. Vi har ikkje økonomi til bruke pengar på dette, seier han.

Let ikkje cruise gå ut over tenestetilbodet

Frå 1. januar 2020 blir kommunane Eid og Selje slått saman i nye Stad kommune. Førstekandidat for Høgre i Stad, Geir Årvik, er usikker på om eit landstraumanlegg let seg realisere.

– Dersom det vil gå ut over det ordinære tenestetilbodet i kommunen, vil det sitte svært langt inne for Høgre å bruke kommunale midlar på eit slikt anlegg, seier han.

Årvik påpeikar at prosjektet må utgreiast skikkeleg, og ein må finne ut kva det kostar, før ein bestemmer seg.

Geir Årvik

USIKKER: Førstekandidat for Høgre i Stad, Geir Årvik, er usikker på om eit landstraumanlegg på Nordfjordeid let seg realisere.

Foto: Silje Guddal / NRK

Heller ikkje Frp vil bruke kommunale midlar på landstraumanlegg.

– Den økonomiske situasjonen må bli vesentleg betre før vi kan bruke midlar på dette, seier Per Tore Borgund, leiar i Stad Frp.

Dei største hamnene får støtte først

Det er det statlege selskapet Enova som gjev støtte til landstraumanlegg, men av cruisehamnene i Noreg er det berre Bergen som så langt har fått slik støtte. Enova viste i slutten av mai til at landstraum for cruiseskip er veldig kostbart, og at det ofte er ei ulønsam investering for hamnene og samfunnet.

Hamnene som har flest cruiseanløp vil vere først i køen for støtte frå Enova. Tal frå ulike cruisehamner viser at det vil kome 317 cruiseskip til Bergen i år. Stavanger vil få over 300 skip, Ålesund nærare 200 skip, Flåm 166 og Oslo vil ta imot 125 skip. På Nordfjordeid vil det kome 21 cruiseskip i år. Neste år blir talet truleg dobla.

I Europa er det berre Hamburg og Kristiansand som per i dag har landstraumanlegg for cruiseskip.