Forsvarsadvokaten har fleire spørsmål han vil stille etterforskarane når dei skal forklare seg i rettssaka etter brannen på Selje Hotel.
Statsadvokat Magne Nyborg vil ikkje kommentere skuldinga, men seier etterforskinga blir tema i dag.
– Politiet burde brukt meir tid til å følgje opp forklaringa til klienten min, seier Randulf Schumann Hansen.
– To sentrale ting
Den tidlegare daglege leiaren tilstår å ha tappa hotellet for pengar før han køyrde dei vel 1.000 kilometerane til Selje for å rigge hotellbrannen.
Rettssaka starta førre måndag. På tiltalebenken sit også brørne, som var høvesvis styreleiar og kjøkkensjef. Begge nektar straffskuld.
I tillegg til direktøren, forklara styreleiaren seg i førre veke.
- Les også: Dette skjedde første veka av rettssaka
– Han har forklart seg om to sentrale ting. At han spelar eit mobilspel og at han kjøpte ein bil same dag som broren reiste til Norge for å setje fyr på hotellet, seier Hansen, som er forsvararen hans.
Mobilen var i Sverige
Frå vitneboksen hevda den tiltalte, som er yngst av brørne, at han gav politiet opplysningar som ikkje vart sjekka ut.
Mellom anna bruk av eit mobilspel som krev hyppig pålogging. Mobildata viser at telefonen var i Sverige medan hotelldirektøren rigga brannen på Selje Hotel.
Den tiltalte hevda politiet hadde informasjonen dei trengde for å gå inn på spelet.
– Spelet er eit viktig alibi, seier Hansen.
– Konkluderte
Det er uvisst kva informasjon politiet ville fått om dei logga seg inn på spelet. Politiet meiner DNA-spor frå plasthanskar stadfestar at styreleiaren var i Selje og at han er den omtala «Mr. X».
– Politiet konkluderte med at han var i Selje og at han tende på. Dei har ikkje grunngjeve det med noko anna enn DNA frå eit par hanskar dei fann på eit hotell min klient arbeidde for i tre år, seier Hansen.
– Når ein konkluderer så tidleg, så ser ein ikkje at dette er bevis som burde vore granska mykje meir, seier han og vil ta opp att tråden politiet skal forklare seg om teletrafikken.
– Indisiebasert
I dag skal dei første etterforskarane forklare seg. Det skal også den hotellet sin tidlegare rekneskapsførar og eigaren av bilen som hotelldirektøren nytta til Norge. Også han som selde bil til styreleiaren skal i vitneboksen.
Den siste tiltalte, kjøkkensjefen, skal også i vitneboksen. Han har den minst alvorlege tiltalen. Hansen meiner tiltalen mot hans klient er bygd på indiskar.
– Eg kan berre sitere aktor der han peika på at det er ei rekke indiskar og den har min klient slått tilbake mot gjennom si forklaring. Det vil vi halde fram med til prosedyrane.