Hopp til innhold

Skuldar ordførar for kameraderi

Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde frå Senterpartiet opplever at folk ikkje lenger helsar på han, etter at den omstridde kraftlinja vart flytta vekk frå eigedomen hans.

Karl Vidar Førde

SKULDA FOR KAMERADERI: Sp-ordførar Karl Vidar Førde i Bremanger får merke at folk i bygda meiner han har blanda rollene når den omstridde kraftlinja er blitt flytta vekk frå eigedomen hans.

Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Firdaposten

Dei faglege råda frå Statnett, NVE og Fylkesmannen gjekk for at den omstridde kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre skulle gå gjennom Førdedalen i Bremanger. Ordføraren bur tett ved Førdedalen, og har vore ein aktiv kritikar av at linja skulle gå nettopp her.

Før jul vart det klart at olje- og energiministeren hadde flytta linja vekk frå partifellen sin eigedom. Bygdefolket i Myklebustdalen, som no får linja, karakteriserer saka som kameraderi.

– Fleire personar helsar ikkje på meg eller andre i Førdebygda. Det er utruleg trist at det skal vere slik i ei lita bygd, seier Førde til Firdaposten.

– Offer for politisk hestehandel

Då olje- og energiministeren like før jul kom med det endelege kraftlinjevedtaket, vart grunneigarane i Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger fullstendig tekne på senga.

Dei daglege råda frå Statnett, NVE og Fylkesmannen gjekk alle for at den omstridde kraftlinja mellom Fardal og Ørskog skulle gå gjennom Førdedalen. Men i tolvte time bestemte altså regjeringa seg for å leggje linja gjennom Myklebustdalen.

Grunneigarane i Myklebustdalen seier dei har vore klar over at Statnett har sett på dalen deira som eit alternativ. Men heile tida har det vore Førdedalen som har vore det føretrekte alternativet.

Innbyggjarane fryktar dei har blitt offer for ein politisk hestehandel.

– Eg stiller spørsmål ved dei demokratiske prosessane. Ordføraren i kommunen her bur i Førde, og er Sp-politikarar. Og statsråden er Sp-politikar, seier ein av dei som reagerer på avgjerda, Lars Endre Myklebust til NRK.

Frp reagerer på avgjerda

Onsdag hadde VG eit stort oppslag om at olje- og energiminister Ola Borten Moe flytta linja vekk frå partifellen sin eigedom. Ordføraren har tidlegare sagt til NRK at han ikkje har blanda rollene, men innbyggjarane i Myklebustdalen karakteriserer saka som kameraderi.

Også Frp-Topp Ketil Solvik-Olsen reagerer på avgjerda.

– Det lukter dårleg av denne saka, seier han til VG.

Avisa avslørte seinast i mai at Ole Borten Moe hadde flytta ein høgspenttrase vekk frå barndomsheimen til noverande fylkesvaraordførar Jenny Følling, også ho frå Senterpartiet.

– Dette er uheldig for oss alle

Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde får no for alvor merke vreiden frå folk i nærmiljøet. Han beklagar på det sterkaste at folk ikkje kan skilje sak og person, og viser igjen til at han stilte seg ugild då saka vart handsama i kommunen, skriv Firdaposten.

– Skuldingane om at eg har misbrukt stillinga mi er heilt feil, det har eg ikkje gjort, seier han til avisa.

Han presiserer at kommunen aldri ønskte at kraftlinja skulle gå gjennom Myklebustdalen og at det har blitt jobba for å få linja mellom Åskora og Grov i staden. Førde presiserer også at han aldri har vore i kontakt med Ole Borten Moe om saka.

At saka no har fått mykje spalteplass i media meiner ordføraren er beklageleg.

– At det skrivast meir om denne saka vil berre gjere situasjonen endå vanskelegare. Slik eg føler det er dette ei dårleg sak, og at vi er taparar alle saman – både i Førde og Myklebust, seier Førde til Firdaposten.