Hopp til innhold

Skuldar miljøvernarane for faktafeil

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) skuldar miljørørsla for faktafeil i Engebø-saka. – Trist at ein Stortingsrepresentant ikkje set seg betre inn i saka, seier Lars Haltbrekken, som er leiar i Naturvernforbundet.

Bjørn Lødemel på Høgre sitt landsmøte

KRITISERER MILJØRØRSLA: Bjørn Lødemel er Stortingsrepresentant for Høgre.

Foto: Arve Mjømen / Høgre

Det er i ei pressmelding sundag at Lødemel kjem med kritikken mot miljøvernorganisasjonane

–Vi har stor forståing for at dei som bur i nærområdet til gruvedrifta i Engebøfjellet er kritiske til denne mineralutvinninga. Men vi er sterkt kritiske til at miljøorganisasjonar, som Natur og Ungdom og Naturvernforbundet, gong på gong feilinformerer for å skape motstand mot aktiviteten ved Førdefjorden, seier Lødemel.

Strenge miljøkrav

– Det har aldri blitt sett strengare miljøkrav til sjødeponi enn for Engebøprosjektet, og det vil bli oppretta eit overvakingsprogram som vil ha ei streng overvaking av utslepp, seier Lødemel.

I Naturvernforbundet avviser Haltbrekken kritikken frå Lødemel, og syner også til det som Miljødirektoratet i desember i fjor sa om miljøkrava.

– Strenge krav i utsleppsløyvet vil ikkje kunne bøte på skadane som dette deponiet vil medføre, seier Haltbrekken.

Liten spreiingsfare

I pressmeldinga går Lødemel hardt ut mot kritikken frå Naturvernforbundet, og avviser at fjorden blir brukt som avfallsplass for gruveindustrien, sjølv om det finst mindre skadelege alternativ.

– Det er eit faktum at deponiområdet dekker berre 3 km² (om lag 5 %) av Førdefjorden. Det er også eit faktum at fjorden er om lag 350 meter djup i dette området, og at deponiet vil strekke seg om lag 100 meter opp frå botnen. Det betyr mellom 100 og 200 meter med tilnærma rein sjø over deponiet.

Lars Haltbrekken

AVVISER KRITIKK: Lars Haltbrekken er leiar i Naturvernforbundet.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

–Det er legitimt å vere for gruvedrift som Lødemel heilt tydleg er, men då må han vere ærlege nok til å vedgå at han prioritert gruveinteresser framfor omsynet til natur og miljø, seier Haltbrekken.

– Når gruvedrifta er ferdig, vil vegetasjonen på botn av fjorden vekse fram att. Erfaringar frå andre gruver med sjødeponi viser at livet på botnen også kjem tilbake, seier Lødemel.

Ynskjer næringsutvikling

Mineralutvinninga i Engebøfjellet vil kunne skape 300 arbeidsplassar i Sogn og Fjordane og totalt 500 arbeidsplassar nasjonalt. Det skal investerast 2 milliardar kroner i gruvedrifta. Prosjektet vil gje eit bidrag til norsk verdiskaping på om lag 500 millionar kroner per år i dei 50 åra det er rekna at gruvedrifta skal vare.

– Høgre er klare på at vi ønskjer ny næringsutvikling som kan skape verdiar som skal finansiere velferdssamfunnet vårt etter kvart som inntektene frå oljenæringa minkar. Mineralnæringa er døme på ei slik næring, seier Lødemel.