Skuldar kunnskapsministeren for faktafeil

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre kjem med grove faktafeil om elevane si nye fråværsgrense, det meiner Helsesøsterforeininga.

Hilde Hoddevik, helsesøster

GÅR I RETTE MED KUNNSKAPSMINISTEREN: Hilde Hoddevik er helsesøster i Eid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Legane har reagert på køar av elevar som treng attest på at dei er sjuke fordi dei fryktar for mykje fråvær. Kunnskapsministeren seier elevane heller kan gå til helsesøstrene.

– Der tar kunnskapsministeren fullstendig feil, det er ikkje vår oppgåve å skrive legeattestar, seier helsesøster i Eid, Hilde Hoddevik.

Ny fråværsgrense

Helsesøstrene meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen feilinformerer og skapar kaos kring skulestart.

Den nye fråværsgrensa på 10 prosent ved dei vidaregåande skulane sender elevar med feber og hoste inn på legekontora for å få erklæring på at dei har gyldig fråvær.

Legeforeininga meiner det er problematisk at dei no må bruke tid på tilstandar som går over av seg sjølv. Lege Mariann Kapstad i Førde er ei av fleire som reagerer.

Mariann Kapstad, fastlege og medisinsk ansvarleg på Førde legesenter

STOR PÅGANG: Fastlege Mariann Kapstad og kollegaene blir nedrende av skuleelevar som treng attest.

Foto: NRK

– Ein god del av dei timane som vi set av til akutt-hjelp pasientar har gått med til å ordne erklæringar til elevar.

I førre veke sa kunnskapsministeren til NRK at også helsesøstrene kan ta i mot sjuke elevar som treng attest.

– Det er ei mistyding at ein berre kan gå til lege når ein nærmar seg 10 prosent, og treng dokumentasjon. Det er ikkje rett. Det står klart og tydleg at også anna helsepersonell, altså helsesøstrer og psykologar kan og gi dokumentasjon, seier Røe Isaksen.

– Skal ikkje dele ut attestar

Informasjon frå kunnskapsministeren er verken god eller korrekt. Det meiner leiar i Landsgruppa av helsesøstrer Kristin Sofie Waldum-Grevbo, for helsesøstrene skal ikkje dele ut attestar.

– Vi har i alle fall forstått dette heilt annleis, og også fått ei avklaring på rolla vår er uendra.

Kristin Sofie Waldum-Grevbo, leder i Landsgruppen av helsesøstre i Norsk Sykepleierforbund

MEINER KUNNSKAPSMINSTEREN SKAPAR FORVIRRING: Kristin Sofie Waldum-Grevbo er leiar i Landsgruppa av helsesøstrer.

Foto: NSF

Waldum-Grevbo syner til eit brev frå Helsedirektoratet, frå juli, som slår fast at helsesøstrene ikkje skal oppgåva med å lage attestar. Brevet kom etter at Kunnskapsdepartementet i vår i eit skriv fyrst hadde sagt det motsette.

No meiner ho Røe-Isaksen bidreg til å skape uro og forvirring.

– Vi har no ein enorm pågang frå helsesøstrer og andre som blir svært forvirra. Vi blir kontakta av rektorar som prøver å orientere sine tilsette om korleis dette skal gjerast, og så kjem det kontra på kontra på kontrabeskjedar. Det er uheldig i oppstarten av eit nytt skuleår, seier Waldum-Grevbo.

Kunne ikkje svare

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i en barnehage i Oslo.

SVAR SKULDIG: kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) kunne ikkje svare på kritikken frå helsesøstrene.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Kunnskapsministeren kunne ikkje svare NRK på kva han meiner med å sende elevar til helsesøstrer som har fått beskjed av styresmaktene om å ikkje lage sjukeattestar.

I ein e-post kommentere statssekretær Magnus Thue kunnskapsministeren sine utsegner slik:

«Helsesøstre er ikke gitt en ny oppgave. De pålegges ikke å dokumentere noe de ikke allerede gjør i dag. Vårt poeng er at det er viktig at regelverket ikke utelukker at også dokumentasjon fra helsesøstre har gyldighet når rektor skal vurdere fraværet til elever som sliter. »

Waldum- Grevbo meiner svaret ikkje tydeleggjer noko som helst.

NRK anbefaler

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.