Hopp til innhold

Skuldar Kontrollutvalet for "solstikk"

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) meiner Kontrollutvalet til Fylkeskommunen kan ha fått for mykje sommarvarme. Reagerer negativt på at ho kan bli utsett for høyring.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

SOMMARVARME: Fylkesordføraren meiner utvalet som skal kontrollere ho og resten av fylkeskommunen har fått for mykje sommarvarme.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nei, det må eg seie, eg lurer på om dei er blitt sommarvarme, ler ein ferierande fylkesordførar frå utlandet.

Bakteppet til at fylkesordføraren trekk på smilebandet av fylkeskommunen sitt kontrollorgan er at leiar Arve Mjømen (H) varslar i fylgje Firda ei mogleg høyring om informasjonsflyten i Fjord1 saka.

Eit ferskt revisjonsnotat syner at alt 1. november 2013 orienterte Fjord1 styreleiar Reidar Sandal til Åshild Kjelsnes og fylkesrådmann Tore Eriksen om vurderingar knytt til framtidige strategiske grep, og kven Fjord1 eventuelt kunne fusjonere med.

Men dei andre fylkespolitikarane fekk ikkje vite om dette, og har seinare brukt 2,6 millionar kroner på eksterne konsulentar i ein parallell prosess der sal av fylkeskommunen sin aksjepost vert vurdert.

Vil ha svara på bordet

Arve Mjømen

HØYRING: Arve Mjømen meiner uvissa og rotet kring Fjord1 må føre til ei høyring.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Arve Mjømen seier til NRK at ei høyring kan få alle svar på bordet.

– Det ligg vel slik an at det kan ende opp med høyring. Så får vi sjå når administrasjonen får førebudd dette litt, kva vi endeleg endar med. Men vi har endå ikkje fått svar på alt vi lurer på, når det gjeld informasjonsflyten i Fjord1-saka.

Litt av kjernen er vel at ein har brukt 2,6 millionar på konsulentar, samstundes som politikarane ikkje har visst at Fjord1 på same tid har køyrt sitt eige løp, kva meiner du om det?

Nei, det er klart det skurrar. Det er viktig at vi får det heile biletet av fylkesordføraren når ein skal avgjere kva strategi vi som eigar av Fjord1 skal ha.

– Kan det vere at pengane er kasta vekk?

Ikkje nødvendigvis, det er jo i ettertid blitt eit tosidig løp, anten fusjon av selskapet eller sal av aksjane. Men det er jo uansett slik at politikarar treng å ha eit sikkert bilete.

Meiner høyringa er unødvendig

Det kom totalt overraskande på Fylkesutvalet at Fjord1 hadde køyrt sin eigen prosess mot å fusjonere med Norled, og at ei intensjonsavtale alt hadde blitt underteikna.

Fylkesutvalet ville rett etter ha Fjord1 til å avlyse avtalen, men etter press frå styreleiar Reidar Sandal, og påstand om tillitskrise frå konsernsjef Dagfinn Neteland vann Fjord1 leiinga fram hjå fylkespolitikarane og får halde fram prosessen.

Trass bråket og uvissa meiner Åshild Kjelsnes det ikkje er naudsynt med ei eiga høyring.

Åshild Kjelsnes på talarstolen

IKKJE NAUDSYNT: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner ei høyring ikkje er naudsynt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg oppfattar at ein henger seg opp i informasjon frå 2013. Den informasjonen har vore på bordet, og har vore formidla slik den skal formidlast. At det skal vere naudsynt å gjere fleire tiltak stiller eg spørsmålstein ved, men eg forheld meg til det kontrollutvalet bestemmer.