Hopp til innhold

Skuldar Gulen for trynefaktor

Forskaren skulle kartlegge forureininga etter Vest Tank-ulukka.

Vest Tank
Foto: Steinar Lote / NRK

Karl Jan Erstad i Rådgjevande Agronomar jobba for Vest Tank, men kommunen ynskte ikkje kompetansen hans då verksemda skulle utvide.

- Skulle dei få bygge ein heilt ny oljeterminal måtte dei bruke rådgjevarar frå store firma som Gulen kommune vurderte som kompetente, seier han.

- Slår seg sjølv i ansiktet

Erstad er forskar og konsulent for tidlegare Vest Tank - verksemda som i dag heiter Alexela Sløvåg. Den 24.mai i fjor eksploderte fleire tankar ved anlegget og folk i området fekk store helseplager av lukta. Erstad meiner det var håplaust at kommunen kravde andre rådgjevarar enn han sjølv då verksemda søkte om å utvide.

- Eg reagerer kraftig på at vi som byggjer opp små firma i Sogn og Fjordane, ikkje kan reknast med. Politikarane går høgt på bana og snakkar om å få godt utdanna folk attende til fylket. Dei slår seg sjølve fullstendig i ansiktet, seier han.

- Må vere forståing

Trude Brosvik

Trude Brosvik

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Erstad har jobba lenge for Vest Tank. Han sat i arbeidsgruppa som var med på å gje råda som førte til at den eine tanken i Gulen eksploderte. Han viser likevel til at ingenting i etterforskinga avdekkar faglege feil. Gulenordførar Trude Brosvik tek kritikken frå Erstad med stoisk ro.

- Sånn folkeleg sagt, så må det vere veldig stor forståing for at Gulen kommune ville sikre seg best mogleg i høve til at denne verksemda skulle få bygge på tomta.