NRK Meny
Normal

Fylkesmannen rettar harde skuldingar mot fylkespolitikarane

Fylkesmann Anne Karin Hamre er lite imponert over måten fylkespolitikarane kommenterer påstanden om at Sogn og Fjordane ikkje er liv laga som eige fylke. – Det har vore ei sørgjeleg veke, seier ho.

Anne Karin Hamre

SØRGJELEG: Fylkesmann Anne Karin Hamre seier veka etter BT-oppslaget har vore sørgjeleg. – Oppslaget let etter seg eit inntrykk av at her står det så dårleg til at det berre er å leggje ned fylket, seier ho.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Det var i førre veke at rapporten frå Møreforsking fekk brei omtale i først Bergens Tidende og seinare andre media.

Konklusjonen var kort og greitt: Sogn og Fjordane er for lite til å halde fram som eige fylke .

– Den overskrifta som gjekk att i veldig mange landsdekkande medium etterpå, var at fylkespolitikarane gir opp Sogn og Fjordane. Det er sender veldig uheldige signal innover til sentrale styresmakter, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

– Må slå seg saman

I rapporten heiter det at regionar må ha over 200.000 innbyggarar for å vere effektiv og for å kunne få overført nye oppgåver frå staten.

Jørgen Amdam

FOR LITE: Møreforsking og Jørgen Amdam meiner 10–15 regionar er meir effektivt enn 19 fylke som i dag.

Foto: Trond Vestre / NRK

skal ein følgje dette, må Sogn og Fjordane slå seg saman med andre fylke eller regionar for å vere berekraftig også i framtida.

– Vi har ikkje vurdert kvart enkelt fylke, men sett i forhold til desse indikatorane vi har brukt der vi har brukt tidlegare utgreiingar, så er det konklusjonen, ja, sa Amdam.

Støtta konklusjonen

Flora-politikar Bjørn Hollevik (H) var blant fleire fylkespolitikarar som sa seg delvis samde med Møreforsking.

Bjørn Hollevik

SAMD: Bjørn Hollevik (H) er samd med konklusjonen, men meiner samstundes at han er oppteken av å snakke fylket opp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er inga hemmelegheit at Høgre ynskjer å fjerne mellomnivå i dagens kommunestruktur.

– Regionen som vi bur i har jo store moglegheiter framover, og det er vel ikkje fylkeskommunen som styrer det eller avgjer korleis vi skal leve liva våre her i fylket, sa Hollevik.

– Tafatte politikarar

Fylkesmannen skildrar den siste veka som sørgjeleg, og det er alt oppstyret etter og det ho meiner er uttalar frå tafatte fylkespolitikarar i media.

Ho meiner politikarane i Sogn og Fjordane i større grad burde stått på barrikadane. Ho meiner dei bør bli flinkare til å snakke fylket opp, og ikkje ned.

– Nett no som vi står overfor mange framlegg om strukturendringar, så er det eit veldig uheldig signal å sende innover til sentrale styresmakter. Det gir eit inntrykk av at dette fylket ikkje er liv laga. Det er på ingen måte slik, seier Hamre.

Mykje står for fall

For det er ikkje lite som står for fall i fylket, om ein skal tru spådomane.

Politidistrikt, 110-sentralen, skattekontor, domstol og høgskule er alle under lupa.

– No trur eg at oppslaget i Bergens Tidende var meir eit utslag av avisa sin store draum om ein vestlandsregion, enn kva fylkespolitikarane faktisk sa. Men ein må vere litt varsam med kva ein seier, for dette blir lagt merke til i Oslo. Det er ikkje slik at vi skal ikkje stå med hua i handa og skamme oss over at det står så dårleg til. Vi har mykje bra å syne til, seier Hamre.

Må synleggjere

Fylkesmannen meiner ein gjennom gode samhandlingar kan skape robuste kompetansemiljø på tvers av organisasjonar, forvaltningsnivå og fylkesgrense.

Ho framhevar også tanken om å styrke fylkessenter for å stå rusta til å ta imot statlege oppgåver.

– Kan ikkje stå på kvar vår kant og rope over det vi misser. Vi må synleggjere det vi er gode på, og vere tydelege på at vi skal ha vår del av funksjoner og oppgåver dersom det blir større regionar, legg Hamre til.

Kjenner seg ikkje att

Trude Brosvik

IKKJE SAMD: Trude Brosvik (KrF) meiner ho har stått på for fylket. – Eg har brukt tida og arbeidskapasiteten min siste månaden på å snakke opp fylket og jobbe for fylket sine interesser sentralt, seier ho.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Verken Hollevik eller Trude Brosvik (KrF) kjenner seg att i skuldingane frå fylkesmannen. Begge meiner dei er opptekne av å framheve dei positive tinga i Sogn og Fjordane.

– Vi må vere tydlegare på påvise alt vi er gode på og posisjonere oss i ein større region. Då kan få mange spennande oppgåver frå sentralt, seier Hollevik og likar sentertenkinga til Hamre.

– Fylkesmannen er inne på noko vesentleg. Skal vi vere klare til å ta i mot større oppgåver, så må vi gjere ein jobb på heimebane. Det er å sjå på senterstrukturen i fylket vårt. Vi må ha senter som er sterke nok til å ta oppgåver frå departement og direktorat, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.