NRK Meny
Normal

FrP-politikaren si statusoppdatering får KrF til å reagere: – Dette er grums

KrF-politikar Trude Brosvik reagerer kraftig på ei statusoppdatering som varaordførar John Kåre Larsen frå Framstegspartiet la ut på si Facebook-side.

Larsen og påstandane på Facebook

STATUS: Denne statusen delte varaordførar for Frp i Solund, John Kåre Larsen, på sin Facebook onsdag denne veka.

Foto: Finn J. Hugøy/skjermdump Facebook / NRK

Trude Brosvik

GRUMS: KrF sin førstekandidat i Sogn og Fjordane meiner statusen bidreg til mistenkeleggjering av ei gruppe menneske.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg har høg terskel for å reagere på at folk kjem med meiningane sine. Men eg reagerer sterkt når ein profilert politikar, ein varaordførar for FrP, skriv noko som er så mistenkeleggjerande mot ei gruppe, seier Brosvik til NRK.no.

NRK har snakka med John Kåre Larsen, men han vil ikkje kommentere statusoppdateringa til NRK.no.

– Møkkaspreiing og mistenkeleggjering

Dette er statusen Brosvik reagerer på:

Denne historien er sann og fra hverdagslivet i Norge. Den ble fortalt av en bekjent av meg. Vedkommende tok i går buss fra Åsane terminal. Det var få passasjerar på bussen og bagasjen stod plassert under i bagasjerommet og dørene var åpne. Da kom en av våre nye landsmenn inn på bussen og innledet en litt lenger samtale med bussjåføren. Da sa en av medpassasjerene til min bekjent at nå måtte dei holde utkikk med bagasjen. Vedkommend henvente seg også til bussjåføren om dett. Kanskje hadde medpassasjeren til min bekjent ikke noe hold i sin mening. Men sakens kjærne er at det er skapt ein generell frykt i befolkningen, en frykt får å vår trygghet. Trygghet for å bevege seg i vårt land. Skal det være slik ? Er de som nå ynder å ta inn ytterligere innvandrere delaktig i å være med på å spre denne frykten ? Bør ikke dei også ha eit ansvar for at det er blitt ein økende frykt i Landet ?

Brosvik har svært lite til overs for det FrP-politikaren skriv.

– Dette går over i grums. Eg kallar det møkkaspreiing og mistenkeleggjering, seier KrF-politikaren.

– Meiner du dette er så alvorleg at det burde få konsekvensar på noko vis?

–Eg kan utfordre Frp på om dei er nøgde med å ha tillitsvalde, og i dette tilfellet ein varaordførar, som driv på med denne typen mistenkeleggjering.

– Må vurdere nøye kva utspel vi går ut med

Ole Gunnar Krakhellen

ORDFØRAR: Ole Gunnar Krakhellen frå Høgre er ordførar i Solund. Han seier han ikkje føler på at framandfrykt er eit problem i Solund.

Foto: Kristján Logason / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen frå Høgre, er heller ikkje spesielt begeistra for utspelet til varaordføraren i kommunen.

– Hans meiningar må stå for hans rekning, men for min eigen del så kjenner eg ikkje på noko frykt verken lokalt i Solund eller når eg er ute å reiser i verken Bergen, Oslo eller utlandet på grunn av innvandring.

– Dette utspelet ville eg ikkje ha kome med, men sjølvsagt, ytringsfridom har vi jo. Men som politikar må vi vurdere nøye kva utspel vi går ut med, seier Krakhellen.

Får ikkje konsekvensar

Framstegspartiet sin fylkesleiar, Lars Svein Drabløs, seier dette om statusoppdateringa.

– Eg ser ikkje dette som eit alvorleg utspel. Her er ei frykt i samfunnet for våre nye landsmenn, og det skuldast veldig mykje manglande integrering. Vi i Frp har vore veldig tydelege på at når vi tek inn, så må vi også ta ansvar for integrering, slik at vi slepp mistenkeleggjering og stigmatisering.

– Så du deler eigentleg hans syn?

– At eg deler hans syn har eg ikkje sagt. Men vi lever i eit demokrati der du har lov å ytre dine meiningar. Her gjenfortel han ei historie og han er truleg i same båt som mange andre.

– I ein periode tok eg mykje buss, og då var eg veldig bevisst på å ikkje legge noko av verdisaker i lasterommet på bussane. Det hadde ikkje noko med kva nasjonalitetar som gjekk rundt bussane, men det har blitt eit hardare miljø, og det må vi forhalde oss til og leve etter.

På spørsmål om han forstår at Brosvik og Krakhellen reagerer svarar Drabløs slik:

– Vi lever i eit fritt land, og vi har lov å ytre oss. John Kåre Larsen har fortalt ei historie, og det må han få lov til utan at han skal bli stigmatisert.

– Vil det få konsekvensar for han frå partiet si side?

– Nei.

– Men synest de det er greitt?

– Eg ville vel ikkje ha uttalt meg på same måte, men her gir han att ei historie og det må han ha lov til.

Lars Svein Drabløs

FÅR IKKJE KONSEKVENSAR: Seier Frp-fylkesleiar Lars Svein Drabløs.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast