Hopp til innhold

Skuldar Førde-politikarane for kunnskapsløyse

Politikarane i Førde er kunnskapslause og styrte av kjensler når dei kjempar mot fjorddeponi i Førdefjorden. Det meiner administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum.

Ivar Fossum

Ivar Fossum kjem ikkje til å flytte til Sunnfjord då gruvedrifta tek til i Engebøfjellet i Naustdal. Han trivst best her ved sjøkanten i Asker.

Foto: Bård Siem / NRK

Det politiske fleirtalet i Førde har liten sans for Nordic Mining sine planar for gruvedrift i Vevring som inneber at store mengder restmasse skal dumpast i Førdefjorden.

Politikarane i Førde er dermed på kollisjonskurs, både med regjeringa og kommunestyret i Naustdal, som ynskjer gruvedrifta velkomen.

Kritisk

Det var under eit lengre portrettintervju med Fossum i heimbygda Asker måndag at Nordic Mining-sjefen kom med klar tale til det politiske fleirtalet i Førde.

– Eg opplever at folk ikkje er opne for å ta til seg ny kunnskap fordi ein ønskjer å fremje argumenta sine knytt til andre forhold i samfunnet. Kanskje er det også slik for delar av politikarane i Førde, sa han.

– Så vedtaket i Førde byggjer på kunnskapsløyse?

– Ja, dersom ein ser på utgreiingane som er gjorde i denne saka vil eg oppmode politikarane til å ta til seg den kunnskapen som finst, før ein er bastant på konklusjonen. I tillegg ligg det i saka sin natur at ho appellerer mykje til kjenslene. Dei som skal ta avgjerdene må derimot halde seg til kunnskapen som ligg føre, seier Fossum.

Avviser skuldingane

Helge Robert Midtbø, ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Førde og motstandar av gruvedeponi i fjorden, avviser skuldingane frå Fossum.

Ap sin ordførarkandidat i Førde, Helge Robert Midtbø

Ordførarkandidat for Ap i Førde, Helge Robert Midtbø, avviser kritikken frå Ivar Fossum. Motstanden vår mot fjorddeponi byggjer på kunnskap, seier han.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Standpunktet vårt i denne saka er i høgste grad kunnskapsbasert. Vi har lest rapportane frå Havforskingsinstituttet som er det desidert største maritime forskingsmiljøet i Norge og dei rår heilt klart ifrå sjødeponi i Førdefjorden. Det same gjer Fiskeridirektoratet. Det er også stor motstand i folket. Heilskapsbiletet gjer at vi er imot, seier han.

– Naustdal kommunestyre er for og sjølve gruvedrifta vil gå føre seg i Naustdal. Er det ikkje spesielt å jobbe imot nabokommunen på denne måten?

– Vi jobbar ikkje imot nabokommunen. Vi har tatt eit standpunkt der vi er imot sjødeponi og meiner det må finnast andre løysingar i denne saka, seier han.

Får hjelp av Firsthouse

Fossum håper spaden kan stikkast i jorda innan fire år og ser føre seg eit industrieventyr i Sunnfjord.

Ivar Fossum

Nordic Mining-direktør Ivar Fossum køyrer elbil og seier han er opptatt av miljøet. Han trivst i standkanten heime i Asker.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi planlegg å ha 168 tilsette ved anlegget og treng fleire ulike typar kompetanse, seier han.

– Medan enkelte ser opp til deg som har jobba fram dette prosjektet, ser andre på deg nærast som eit miljøsvin. Kva tenkjer du om det?

– Eg har eit rimeleg avslappa forhold til dette. Vi er på trygg grunn i høve miljøet, seier han.

– Du har leigd inn kommunikasjonsbyrået Firsthouse for å hjelpe til med kommunikasjonen. Kvifor?

– Vi følte behov for å versifisere at det vi fokuserte på kommunikasjonsmessig var bra. Vi har korkje utdanning eller erfaring på dette området. Difor søkte vi råd hos Firsthouse.

186 millionar i minus

Nordic Mining har eit samla minusresultat på 186 millionar sidan oppstarten i 2008, noko Fossum ikkje ser dramatisk på.

– Vi var fullt klar over at det ville ta tid før vi fekk inntening. Det vil kome etter kvart som vi kjem i gang med drifta, seier han.