Skuldar Elkjøp for prisdumping

- Elkjøp driv med prisdumping på kopiering av digitale bilete, meiner hovudaksjonær Per Svein Reed i Eurofoto på Breim.

Per Svein Reed
Foto: NRK

Elkjøp tilbyr no kopiering utført i utlandet til ein brøkdel av prisen Eurofoto kan tilby.

Frå to kroner til 10 øre

Priskrigen rasar no i marknaden for kopiering av digitale bilete. For kort tid tilbake var prisnivået på ca. to kroner biletet. Men det siste halve året har fleire aktørar senka prisen til 50 øre biletet. I førre veke kunne Elkjøp tilby framkalling for berre 10 øre.

- Nøydde å tape pengar

- Vi berre konstaterer at det kjem aktørar inn på marknaden som dumpar prisane. Det er eit slikt prisnivå at dei er nøydde å tape massevis av pengar, seier Per Svein Reed.

- Ikkje prisdumping

For årsaka til at nye aktørar kan tilby så låge prisar er at dei sender bileta til utlandet for framkalling. Men informasjonsansvarlig i Elkjøp Norge, Christian Brekke, seier dette slett ikkje dreier seg om prisdumping. Men han vil ikkje svare på om dei tener penger på framkalling av bilete for 10 øre stykket.

- Kunden skal få sleppe å bekymre seg over om vi tener pengar eller ikkje, han kan få glede seg over at det er ufatteleg billeg.

- Er dette ein strategi for å lokke kundane inn i butikken for å få dei til å kjøpe andre varer?

- Nei, det er det absolutt ikkje. Vi ynskjer å vere ein fullverdig fotoleverandør, og då er framkalling ein naturleg del av det.

Ikkje flytting til utlandet

- Men for oss i Eurofoto er ikkje dette noka krise. Det vi tilbyr kundane er noko langt meir enn det Elkjøp tilbyr, mellom anna tilbyr vi gratis lagring av bileta. Vi tener bra med pengar, og dei andre aktørane i marknaden ligg på same prisnivået som oss. Det ville ikkje vere noko problem for oss å sende cd-ane til eit lågkostland og få ut bileta på simplare papir, men vi har forkasta dette og vil satse for fullt på produksjon på Reed, seier Per Svein Reed i Eurofoto.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.