Hopp til innhold

Skuldar Ap og Sp for reverseringspolitikk

Same dag som NRK presenterte rekordhøg oppslutnad for Senterpartiet, skulda Frp sin 1.-kandidat for Sogn og Fjordane dei raudgrøne for reverseringspolitikk.

Britt Dalsbotten på talarstolen under Frp sitt landsmøtet

TOK ORDET: Britt Dalsbotten på talarstolen under Frp sitt landsmøte på Gardermoen. – Vi har fjerna bomstasjonar, fjerna arveavgifta, redusert skattar og avgifter for både innbyggarar og næringsliv, og vi har gjennomført og held på å gjennomføre fleire reformer for å gjere det vi har lova veljarane. Dette er å fornye Norge, og det skal vi fortsette med, sa ho.

Foto: Frp

– Det er svært viktig at vi fører ein politikk som fører dette landet framover. Ei stemme til dei raudgrøne i haust, vil vere ei stemme på å reversere dette, sa Britt Dalsbotten frå talarstolen under Frp sitt landsmøte på Gardermoen.

Nasjonal trend

Fredag kom partibarometeret som viser ein oppslutnad på rekordhøge 33,5 prosent for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Det plasserer dei eit hestehovud framfor sin raudgrøne kollega, Arbeidarpartiet.

Valforskar Frank Aarebrot meiner meiningsmålinga speglar trenden ein elles ser i Norge.

– Det er jo ein tendens vi har sett på målingane også nasjonalt siste månadane. Det betyr at partiet held fram å auke, seier Frank Aarebrot.

Reverseringspolitikk

Regjeringspartia Høgre og Frp går tilbake høvesvis 7,7 og 3,6 prosentpoeng til 11,3 og 7,2 prosent. Meiningsmålinga viser at det kan gå mot eit spennande stortingsval til hausten.

Skuldingar om reverseringspolitikk hos dei raudgrøne er ikkje nye.

– Senterpartiet og Arbeidarpartiet går jo til val på å reversere det meste av reformene. Spesielt det som går på kommunereforma, som er fornuftig og naudsynt for at kommunane skal gi innbyggjarane tenestene dei skal, seier Dalsbotten til NRK. Ho legg til:

– Så forstår eg at folk blir leie seg for at dei misser det lokale lensmannskontoret, men det blir 2.500 fleire operative politifolk.

Ingen garanti for skipstunnel

I innlegget sitt uttrykte Dalsbotten glede over redusert vedlikehaldsetterslep på riksvegane, reduserte helsekøar og rekordlåg behandlingstid.

Førstekandidaten til Sogn og Fjordane Frp var også tydeleg på at det er viktig å satse på viktige samferdsleprosjekt. Ho trekte fram redusert vedlikehaldsetterslep på riksvegane og Stad skipstunnel.

– Det er det beste eksempelet på raudgrøn ineffektivitet. Det har vore politisk semje om tunnelen, men siste 30 åra har den vore greidd ut 27 gonger. Stort sett med dei raudgrøne i regjering, seier Dalsbotten og avsluttar:

– Tunnelen vil revolusjonere transporten langs kysten. Eg ser ikkje noko garanti for at det ikkje blir nye utgreiingar om dei kjem til makta att.