Hopp til innhold

Skuldar Ap for å gløyme skipstunnel

- Det er for gale at Arbeidarpartiet ikkje nemner Stad skipstunnel med eitt ord i sitt nye næringspolitiske program for Vestlandet, meiner Åge Larsen i Florø.

Statsminister Jens Stoltenberg vitja Florø.

MANGLAR: Statsminister Jens Stoltenberg får kritikk for partifelle for manglande omtale av Stad skipstunnel.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Larsen er gruppeleiar for Ap i Flora bystyre og var tysdag mellom tilhøyrarane då Statsminister Jens Stoltenberg la fram ei liste på 12 punkt som partiet meiner skal gi 40 000 nye arbeidsplassar på Vestlandet.

Lista inkluderer både ferjefri E39 og Kystveg, men seier ingenting om tunnelen som sjøfarande har kjempa for i årevis.

– Det er i grunn skuffande at det ikkje er med, seier Larsen.

– Eit heft for trafikken

– Det er eit heft for skipstrafikken rundt Stad. Vi hugsar med Hurtigruten for nokre år sidan kor nær det kunne gått gale med alle dei passasjerane ombord, held Larsen fram.

Det har gått 44 år sidan ideen om ein skipstunnel mellom Kjødepollen og Moldefjorden oppstod.

– Glad for mykje, men...

Men i dokumentet Stoltenberg presenterte i Florø, stod det ikkje eitt ord om tunnelen som no blir utgreidd for 17. gong.

– Sjølvsagt er eg glad for mykje som står på den lista. Til dømes kystvegen er ein ting vi i Florø har arbeidd hardt for, men vi er alle klare over at det ikkje er noko som skjer i morgon, seier Larsen.

Statsministeren viser til at skipstunnel er omtalt i Nasjonal transportplan, og at det er mange viktige prosjekt rundt om i landet.

– Må prioritere

Han meiner folk må akseptere at ikkje alt kan kome samstundes, og at det må prioriterast mellom gode og viktige samferdsleprosjekt.

– Det vi gjer der, er å gjere det vi sa i Nasjonal Transportplan, nemlig å gjennomføre den vurderinga. Det er eit stort prosjekt som mange støttar, men også eit prosjekt som kostar mykje penger. Då må ein vurdere det prosjektet opp mot andre prosjekt, seier Stoltenberg.