NRK Meny
Normal

Meiner aktor driv med spekulasjonar – vil frifinne kjøkkensjefen og styreleiaren

Krav om fullfrinning og skuldingar om at aktoratet spekulerer og byggjer saka på indisiar prega siste dag av rettssaka mot dei tre brørne som er tiltalte for å ha sett fyr på Selje Hotel.

Statsadvokat Magne Nyborg og forsvarar Randulf Schumann Hansen.

SKULDINGAR: Forsvararen til styreleiaren, Randulf Schumann Hansen (t.h.), skuldar aktor Magne Nyborg (t.v.) for kun å fare med indisiar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Var styreleiaren «Mr. X»? Vart dei to yngste brørne styrt av kjøkkensjefen?

Eller opererte hotelldirektøren på eigahand, utan hjelp frå brørne sine, då han tappa Selje Hotel for pengar og starta brannen på Selje Hotel?

Det skal no Sogn og Fjordane tingrett finne svar på dei neste vekene.

Nektar straffskuld

Etter ei tre veker lang hovudforhandling, sette forsvararane i dag punktum i saka mot dei tre tiltalte brørne etter hotellbrannen i november i fjor. Forsvarar Randulf Schumann Hansen kravde klienten sin, styreleiaren, frikjend for både økonomisk utruskap og brannstifting.

Aktor, statsadvokat Magne Nyborg, kravde i går seks og eit halvt år fengsel.

– Han hevdar si uskuld. Då blir ein frustrert over å høyre ein prosedyre som argumenterer for det motsette, seier Hansen.

Skulda for spekulasjonar

Siste dag i retten skulda forsvaret Nyborg for spekulasjonar. Hansen meiner to sentrale bevis stadfestar hans klient si uskuld.

– Min klient kjøpte bil 23. november. Eit vitne stadfestar dette. Uavhengig av min klient forklarer vitnet at dei to møttes. Telefonen har ubestritt vore i Sverige.

– Telefonen kunne vore lagt att i Sverige?

– Difor har eg også vore inne på andre bevis som peikar på at han spelte mobilspel. Det vart også gjort eit kjøp i Itunes i denne perioden. Då treng ein kode.

Har vedgått alt

Aktor har presentert bevisa som han meiner knyter brørne til brannstiftinga. Mellom anna DNA-spor i brannruinane, overføring av til dels store pengebeløp, mobiltrafikk, kvitteringar og søk på internett.

Den tidlegare hotelldirektøren har vedgått alt. Men forsvararen hans, Per Kjetil Stautland, meiner likevel aktors påstand om seks års fengsel er for streng. Han meiner tre og eit halvt år er nok.

– Det er i utgangspunktet straffeutmålinga, før strafferabatten, eg og aktor er ueinige om.

Korleis reagerte han på påstanden frå aktor?

Det seier seg sjølv at han tek det tungt. Men han tek det med fatning. Klienten min har jo i lang tid vore innforstått med at han vil få fengselsstraff. Han har jo tilstått for lang tid sidan.

Trur ikkje på tiltalte

Aktor Nyborg trur ikkje på hotelldirektøren når han hevdar å ha handla åleine av brørne. Bilete frå ei bompassering viser at hotelldirektøren ikkje køyrde 100 mil åleine til Selje for å rigge brannen, men han nektar å fortelje kven dette er.

Saman med kjøkkensjefen, risikerer han fengsel i seks år.

– Ofte seier ikkje kriminelle kven dei jobbar saman med. Eg trur ikkje at politiet hadde sett annleis på saka om det vart gjort her. Dei bestemte seg tidleg for at dei ynskte tiltale mot tre brør, seier Hansen.

Krev kjøkkensjefen frifunnen

Forsvaren til kjøkkensjefen, Paul-Inge Angelshaug, kravde full frifinning av klienten. Han fortel at den tidlegare kjøkkensjefen tek påstanden frå aktor om seks års fengsel tungt.

– Det tek han ikkje lett. Han har frå første dag hevda si uskuld og at han ikkje har kjennskap til det som har kome fram i retten.

– Terpa på detaljar

– Kvifor skal han frifinnast?

– Det er ingenting som knyter klienten min til desse handlingane. Påstanden frå aktor er berre basert på indisiar.

– Men det var jo ein del sjølvmotseiingar i forklaringane hans. Korleis forklarar du det?

– Det er jo klart at når du sit i timeslange avhøyr i eit fengsel, og det vert terpa på detaljar, så er det klart at det kan oppstå avvik i forklaringane. Dette er jo eit av punkta vi har kritisiert aktoratet på. At dei medvite har plukka ut ei enkeltsetning i eit sju timar langt avhøyr for å forsøke å skape ei anna meining bak setningen, seier Angelshaug.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.