NRK Meny
Normal

NHO-sjef skulda for å prate tull av styreleiar i Høgskulen

– Du snakkar tull, sa Heidi Kathrin Osland i debatten til NHO-leiar Jan Atle Stang då dei to debatterte framtida til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Heidi Kathrin Osland og Jan Atle Stang

– SETTE SEG INN I SAKA: Styreleiar Heidi Kathrin Osland (t.v.) skuldar NHO-sjef Jan Atle Stang for å ikkje ha sett seg godt nok inn Høgskulen i Sogn og Fjordane si framtid.

Foto: Montasje / NRK

NHO-leiar i Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang og styreleiar i Høgskulen i Sogn og Fjordane, Heidi Kathrin Osland møttest til debatt om framtida for høgskulen i Sogn og Fjordane i tysdagens ettermiddagssending.

Høgskulen er under press frå Kunnskapsministeren som har bede høgskulane om å slå seg saman, men Høgskulen sjølv vil helst stå åleine.

I debatten vart det høg temperatur då Osland skulda Stang for å snakke tull og ikkje ha sett seg godt nok inn i saka då dei diskuterte framtida til Høgskulen i Sogn og Fjordane.